Hopp til innhold

Høgaktuell til toppverv i vestlandshøgskulen

Høgskulestyret i Sogn og Fjordane vil, etter det NRK kjenner til, ha direktør Arvid Hallén i Norges forskingsråd som styreleiar for den nye Høgskulen på Vestlandet.

 Administrerende direktør, Arvid Hallén. Norges forskningsråd.

TUNGVEKTAR I FORSKINGS-NORGE: Også høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund skal vera positive til Arvid Hallén (biletet) som ny styreleiar for den nye Høgskulen på Vestlandet.

Foto: Sverre Chr. Jarild/Lysbordet / Sverre Chr. Jarild/Lysbordet

Med knappast mogleg fleirtal sa høgskulestyret i Sogn og Fjordane 9. juni ja til å gå inn i Høgskulen på Vestlandet, saman med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund.

Like etter det historiske fusjonsvedtaket bestemte det same styret – bak lukka dører – kven dei skulle nominera til den viktige styreleiarjobben for den samanslåtte vestlandshøgskulen.

Høgskulevedtak

HISTORISK – OG DRAMATISK – VEDTAK: Etter ein tre timar lang diskusjon 9. juni sa høgskulestyret i Sogn og Fjordane ja til bli ein del av Høgskulen på Vestlandet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Mannen eit samrøystes styre stilte seg bak, var Arvid Hallén, avtroppande administrerande direktør for Norges forskingsråd. Det seier fleire sentralt plasserte kjelder som NRK har snakka med.

Nominasjonen føregjekk utan innvendingar, og etter det NRK kjenner til, skal Hallén vera klarert som styreleiarkandidat òg hjå dei to andre fusjonspartnarane.

Forskingsadministratoren

Hallén har ry på seg for å vera ein dyktig forskingsadministrator. I 12 år har han vore toppsjef for Norges forskingsråd, ei stilling han gir seg i 1. mars 2017 (sjå faktaboks).

Det er med andre ord ein tungvektar i forskings-Norge høgskulestyret ønskjer skal leia det nye interimsstyret for Høgskulen på Vestlandet, som skal gjelda frå nyttår.

Eit anna pre med Hallén, som blir trekt fram, er at han ikkje kan reknast som representant for éin av dei tre høgskulane. Ikkje minst ved høgskulecampusen i Sogndal, der fusjonsmotstanden var sterk, kan nettopp det få høge skuldrer til å senka seg litt.

Yngve Hallèn

VESLEBROR: Arvid Hallén er storebror til Yngve Hallén (biletet), tidlegare fotballpresident og ein av hovudarkitektane bak Fosshaugane Campus og det nye store innovasjonssenteret i Sogndal. Det vil truleg ikkje bli oppfatta som ei ulempe i Sogn.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Røe Isaksen peikar ut

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) peikar ut den nye styreleiaren. Dersom alle tre høgskulane ønskjer Hallén, skal statsråden truleg ha gode grunnar for ikkje å følgja viljen deira.

Hallén er uansett ein kandidat Røe Isaksen kjenner godt etter tre år i statsrådsstolen og dermed overordna ansvarleg for det forvaltningsorganet som Hallén har administrerande direktør for sidan 2004.

At Hallén har styrt eit forskingsråd med ein årleg pengesekk på 5,4 milliardar forskingskroner – som vil seia kvar tredje statlege krone øyremerkt forsking – er heller ikkje uvesentleg:

Torbjørn Røe Isaksen

FEKK FUSJONEN I VEST SOM HAN ØNSKTE: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ønskjer ikkje å kommentera namn på styreleiar no, men opplyser at han vil peika ut styreleiar og fire eksterne styrerepresentantar i nær framtid.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Eit av hovudargumenta til Røe Isaksen for å slå høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund saman, var nettopp at dei var for dårlege på forsking kvar for seg.

Og i den nye Høgskulen på Vestlandet er det ingen av dei tre institusjonane som i seg sjølv kjem til å løfta dei andre på forskingsfronten, i same grad som i fusjonar der eit universitet er med.

Så dersom Røe Isaksen skulle gå for Hallen, får vestlandshøgskulen ein styreleiar med forståing for – og innsikt i – forsking, og dermed ein som har føresetnader for å leggja ein plan for å styrkja det som kan vera eit svakt punkt i den nye konstellasjonen i vest.

  • Verken rektor Rasmus Stokke ved Høgskulen i Sogn og Fjordane eller Arvid Hallén sjølv ønskjer å kommentera denne saka.