Grand Island til Fres Festival

– Vil skape god live-stemning, meiner festivalleiinga.

Grand Island på scenen i Bergen 2010

TIL FRESVIK: Grand Island blir trekkplaster under Fres Festival i Fresvik i år.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Dei første artistane som skal prege Fres Festival 2010 vart sleppte i dag.

– Vi gler oss stort til å sjå Grand Island i Fresvik, seier Håvard Ese Eliassen, som sit i leiinga til festivalen. Det Oslo-baserte bandet skal stå øvst på plakaten til Fres Festival i år.

Headlineren er aktuell med albumet Songs From Östra Knoll 1:22.

«...eit heilsøypt album til og med mori di kan lika. So difor, kjære festivalgjengar, ta med deg mori di på Fres, for dette, dette vert feitt.» skriv leiinga på nettsidene til festivalen.

Andre artistar som skal freiste publikum er Roadkill, TYYL!, Beinkjør, Canoon og Tim Fancy. Festivalen varer frå 30. juli til 1. august.