Artist dømd for seksuell omgang med mindreårige i Sunnfjord

Ein omreisande artist frå Sør-Europa er dømd til åtte månadar i fengsel for seksuell omgang med to mindreårige jenter.

Mannen i 20-åra blei i juni sikta for valdtekt, samt seksuell omgang med born mellom 14 og 16 år. Politiet arresterte mannen i Sogn og Fjordane då han var i fylket i samband med eit større kulturarrangement.

Mannen var i Sogn og Fjordane tingrett tiltalt for seksuelle overgrep mot to unge jenter. Eine tiltalepunktet vart endra til å gjelde usømmeleg åtferd. Mannen erkjende straffskuld for enkelte punkt i tiltalen, og tingretten dømte han til åtte månader i fengsel for seksuell omgang.

– Min klient har vore sikta i fire månader for to valdtekter, noko som ville gitt straff på fem til seks år. Han har heile tida avvist at det har vore snakk om valdtekt. Han meiner tingretten kom fram til rett avgjerd, seier forsvarar Ivar Blikra.

Politiet la ned påstand om fengsel i eitt år for den omreisande artisten.

– Under saka erkjende han delvis straffskuld, og innrømde at han har vist dårleg dømmekraft, seier Blikra.

Mannen har sete fengsla sidan juni.