Hopp til innhold

Årsak til dødsulukke enno ukjend

Politiet kan framleis ikkje konkludere med kva som skjedde då ein mann i 50-åra frå Karmøy omkom i ei motorsykkelulukke på E39 i Gulen. Det er ikkje mistanke om rus eller høg fart. – Det har skjedd eit eller anna som har fått han til å skjene ut av vegen, men vi veit ikkje kva. Vi ventar på rapporten frå ulukkesgruppa til Statens vegvesen, og den endelege obduksjonsrapporten, seier lensmann i Gulen, Masfjorden og Solund, Ivar Holmaas.