Arne Sølvberg fekk ærespris

Spelemannen og dansaren Arne M. Sølvberg frå Fjelli i Stryn blei søndag tildelt heidersmedlemskap i folkemusikkorganisasjonen FolkOrg.

Arne M. Sølvberg

HEIDER OG ÆRE: Arne M. Sølvberg frå Stryn blei heidra under Landskappleiken på Otta i helga.

Foto: Svein Aasen

Dette skjedde under meisterkonserten i samband med Landskappleiken på Otta. Dagleg leiar i FolkOrg, Linda Dyrnes seier dette er ei tildeling som heng høgt, og det er ikkje kvart år dei utnemner heidersmedlemmar.

Tykkjer det var rørande

Arne M. Sølvberg fekk blomar, medalje og diplom, i tillegg til gratis tilgang på Landskappleiken og Landsfestivalen så lenge han lever. Han tykkjer det er stas å få heider og ære.

– Det var veldig kjekt og rørande. Eg kom opp på scena og eit par tusen menneske i salen reiste seg og klappa. Då er det ikkje berre å få stemma klar til å halde takketale etterpå, seier han.

Blei imponert over grunngjevinga

Sølvberg har teke ei rad førsteprisar i felespel på landskappleikar og distriktsleikar. Han har også fått Spellemannsprisen og Kongens fortenestemedalje i sølv.

Juryen hadde ei lang liste med grunngjevingar om kvifor nettopp Sølvberg fekk prisen. Han sat i salen og blei sjølv imponert då han høyrde dette.

– Det er lett å tenkje at andre burde vore heidra først. Men då eg høyrde talen, kosa eg meg med heideren.

Sauebonde og filmstjerne

Han er bonde og for tida travelt oppteken i sauefjøsen, Men det har vore travelt på andre måtar også. Sist måndag starta nemleg innspeling av ein reklamefilm for Moods of Norway. Her hadde folkemusikaren fått ei rolle - som ordførar, dresskledd på ein rosa traktor.

– At eg skulle blir oppnevnt til ordførar i Stryn i tre dagar, det hadde eg ikkje tenkt meg skulle skje. Eg måtte også snakke engelsk, det var ei utfordring.

– Korleis er det å komme tilbake til sauefjøsen etter ei veke med glamour og heider?

– Slik har livet vore sidan 1979, med pendling frå det eine til det andre. I bunad for å spele den eine dagen og i fjøsklede den neste dagen, seier han.

Arne Sølvberg på rosa traktor

PÅ ROSA TRAKTER: Arne M. Sølvberg har ei rolle i ein ny reklamefiln.

Foto: Arne Vik