Hopp til innhold

Arne Martin (14) misser hjelpa si

Celebral Parese-råka Arne Martin Brekke (14) frå Stryn braut saman i tårer då trenaren hans vart tvangssend ut av landet.

Ganna Shatilo frå Urkraina saman med 14 år gamle celebral parese-sjuke Arne Martin Brekke.

Anna Shatilo frå Ukraina får ikkje lenger hjelpe celebral parese-råka Arne Martin Brekke (14) i Stryn.

Foto: Bård Siem / NRK

- Det er ikkje ofte han viser så sterke kjensle, men i dag var det vanskeleg å styre han, fortel far til Arne Martin, Ole Anton Brekke.

Avheng av hjelpa

Tenåringen avheng av hjelp døgnet rundt, og ukrainske Anna Shatilo (26) var ein svært avgjerande ressurs. Med brei kompetanse på doman-metoden, har ho vore den viktigaste hjelparen til 14-åringen.

- Han får eit program der han får trening, han får opplæring. Vi har lært han å lese og lært han å rekne, fortel Ole Anton om tida med Shatilo ved Arne Martin si side.

- Veldig, veldig trist

Men UDI har bestemt at Shatilo må ut av landet. Den tunge meldinga fekk Arne Martin og familien hans i går. Avskilet var tungt for begge partar.

- Det var trist då eg såg Arne Martin inn i augene. Han var veldig, veldig trist, fortel Shatiro og legg til at det viktigaste for ho er 14-åringen. Ikkje at ho må ut av Norge.

- Eg ynskjer å bli her for å hjelpe. For dei treng hjelp. Og det er ikkje eit normalt barn som treng hjelp, seier ho.

- Overraskande vedtak

UDI meinte i første omgang at Shatilo ikkje var spesialist på feltet, medan dei i anken til Brekke meinte at guten ikkje hadde behov for ein spesialist. Advokat Luis Anda er overraska over avgjerda.

- Det spesielle i vedtaket er at dei i utanom å oversjå ynskje frå den utanlandske statsborgaren om å bli i Norge, også går utanom ynskje til ein norsk statsborgar som har sterkt behov for hjelpa som denne ukrainske statsborgaren kan hjelpe med. Og som dei ikkje lukkast med å å andre norske statsborgarar til å følgje opp, seier han.