NRK Meny
Normal

Arne Johannesen tilbake i gamlestolen – tek over Veronica-saka

I eit kvart hundreår har han pendla frå Hafslo til Oslo som politiets fremste tillitsmann. Denne veka kom han tilbake til jobben som lensmann i Sogndal, og regionlensmann i Sogn.

Arne Johannessen

TILBAKE PÅ KONTORET: Etter til saman 23 år som fagforeiningstopp i politiet, vender Arne Johannessen tilbake til sin gamle lensmannsstol i Sogndal.

Foto: Christian Blom / NRK

– Det er ikkje heilt gamlejobben, han er utvida litt sidan sist. Men eg er i alle fall tilbake til den gamle stolen min, seier Arne Johannessen.

Tek over Veronica-saka

Han fekk ein hyggjeleg start på lensmannsgjerninga, med blomar og fine ord frå gamle og nye kollegaer. Men fagleg får han ei tøff utfordring i fanget.

Johannessen skal no ta over etterforskinga av dødsfallet til 23 år gamle Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Ei sak som hos Johannessen vekkjer minner frå dødsfallet til Arve Beheim Karlsen, som drukna i Sogndalselva i 1999 etter å ha blitt jaga over ei gangbru.

– Eg må innrømme at eg fekk flashback tilbake til den saka, som var ei av dei siste eg hadde før eg vende tilbake til pendlarlivet igjen. Det var ei særdeles krevjande sak, som vi brukte mykje tid på. No kjem eg tilbake til ei ny sak der eit ungt menneske, som hadde heile livet føre seg, vert råka. Det er krevjande, men det er diverre ein del av kvardagen til politiet, seier Johannessen

(Artikkelen held fram under biletet)

Arve Beheim Karlsen funnen død i Sogndalselvi

VEKTE MINNER: Dødsfallet til Arve Beheim Karlsen, som vart funnen drukna i Sogndalselvi for 15 år sidan, var ei av dei siste Arne Johannessen jobba med før han tok opp att pendlarlivet. No har han fått ei ny krevjande etterforsking i fanget.

Foto: NRK

Viktig å finne svaret på kva som kan ha skjedd

Det har no gått over to veker sidan Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen omkommen i Barsnesfjorden. Då hadde det gått tre veker sidan ho sist vart sett i live.

Etterforskinga av dødsfallet held fram for fullt, men politiet har enno ikkje kome til botn i kva som kan ha skjedd. Johannessen forstår at det er vanskeleg for familien å leve i uvissa.

– For oss er det utruleg viktig at familie og pårørande skal få svar, seier han.

Politiet har få spor å gå etter, men Johannessen meiner det har blitt gjort jobba grundig og at samarbeidet har fungert.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

VIL HA SVAR: For familien har det vore tøft å gå så lenge utan å få svar på kva som har skjedd med dottera. No har det gått over to veker sidan Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen i Barsnesfjorden.

Foto: Halvor Farsund Storvik / Privat / NRK

– Når eg kjem tilbake er det er veldig tilfredsstillande å sjå at me har eit politidistrikt, som fungerer som ei felles eining, når det skjer store ting. Då betyr ikkje distriktsgrensene noko, då stiller ein opp, seier han.

Vil stille tøffe krav

Han innrømmer at det er tøft å komme tilbake til ein jobb han har vore vekke frå så lenge.

– Eg er jo den på kontoret som kan minst om politiarbeid. Men så har eg ein del annan erfaring, ikkje minst leiarkompetanse, som eg håpar skal kome til nytte. Men eg må nok be om litt tid før eg kan sette preg på både kontoret og regionen, seier Johannessen.

Han trur han vil bli ein inkluderande sjef, som er oppteken av medarbeidarane sine, men som òg stiller krav.

– Eg vil ha resultat. Og eg kan vel verte litt for utolmodig av og til, så det jobbar eg med. Sjølv om familien min ikkje meiner eg har vorte betre på det, så meiner eg sjølv at eg har bevega meg i positiv retning, seier han.

Fryktar væpna politi skal bli normalen

Johannessen har alltid vore ein forkjempar for at politiet i Noreg skal vere uvæpna. Når han no vender tilbake som lensmann, er det for eit politi, som på grunn av den oppjusterte terrortrusselen, nettopp har blitt væpna.

– Det beklagar eg veldig, men først og fremst beklagar eg at vi har ein situasjon i samfunnet samfunn som gjer at trusselbiletet mot uniformert personell har endra seg. Eg forstår at toppleiinga i norsk politi tek den situasjonen på alvor, seier Johannessen.

Han seier det er hans jobb å vere lojal mot det vedtaket som er fatta. Samstundes er eg han oppteken av politiet skal vere uvæpna i det daglege arbeidet – også i framtida.

Arne Johannessen

VIL HA UVÆPNA POLITI: Johannessen forstår at toppleiinga i politiet tek terrortrusselen på alvor. Men han fryktar at væpna politi skal bli normalen.

Foto: Christian Blom / NRK

– Eg fryktar, som ein del andre i politiet, at me skal det som er ein ekstraordinær situasjon, over tid skal gli over til å bli normalen, seier han.

Slutt på pendlarlivet

Å vere pendlar mellom Hafslo og hovudstaden i til saman 23 år har kosta. Det har vorte mellom 120 og 190 reisedagar i året. Men det å få vere med å setje dagsorden i alle store saker som vedkjem politiet, er noko han vil sakna.

– Det har hatt sin pris. Men eg ville ikkje vore det forutan, seier Johannesen.

No legg han bak seg tida i sentrum for både makt og medias søkelys. Men Johannessen fryktar ikkje at jobben som lensmann skal verte kjedeleg.

– Eg følte at min tid i den rolla var over. Og kanskje burde eg ha slutta enno før, for det vart ein veldig lang periode, mykje lenger enn dei aller fleste sit i ei slik rolle. Men det er klart det rykkjer i kroppen når det er heftige debattar som involverer politi og politipolitikk, seier han.