NRK Meny
Normal

Arkitekt etterlyser konkurranse om nytt Skålabygg

Teikningane til nybygget på Skåla er ei dugnadsgåve. Å få teikne eit nytt bygg på Skåla er så unikt at arkitektar ville kjempa om oppdraget, trur arkitekt.

Slik ser dei føre seg nybygget på Skåla

NYTT: Slik skal den nye sikringshytta på SKåla sjå ut. Planane er godkjende, no jaktar turlaget på pengar for å finansiere prosjektet.

Foto: Skisser av arkitekt Eilif Bjørge

– På grunn av tomta og bygget som er der frå før, og det spektakulære, så er eg sikker på at verdas beste arkitektar ville delteke. Ein kan tenkje seg Preikestolen, kven ville ikkje delteke i ein konkurranse om eit bygg der? Dette er same sak, seier arkitekt og friluftsmenneske Franz Midttun.

Franz Midttun trur det ville blitt stor rift om å få teikne den nye hytta på Skåla.

KONKURRANSE: Verdas beste arkitektar ville stått i kø for å få teikne nytt bygg på Skåla, trur akritekt Franz Midttun.

Foto: Eva Marie Felde

På toppen av Skåla i Loen, skal det runde og karakteristiske Skålatårnet få selskap av ei nytt overnattingsbygg. Den nye hytta er teikna gratis av arkitekt Eiliv Bjørge som ei gåve til Bergen og Hordaland turlag, som eig dagens tårn.

Kostar å halde konkurranse

– Det er kjekt at fleire kunne tenkt seg å teikne sikringsbygget. Tårnet som står der i dag er jo eit ikon, seier leiar i turlaget, Helene Ødven.

Ho seier dei ein gong før har hatt ein arkitektkonkurranse i samband med nybygg av hytter, og at det kosta 400 000 kroner. Bygget som skal settast opp på Skåla er kostnadsrekna til seks millionar kroner.

Skålatårnet

IKONET: Med sine 1848 meter er Skåla eit ynda turmål i Nordfjord. Det karakteristiske tårnet på toppen lokkar også med si prakt.

Foto: Sabine Exner

– Det er ein anerkjend arkitekt, Eilif Bjørge, som har teikna det på dugnad. Han har erfaring med å teikne bygg i vindharde og arktiske strøk. Han melde seg, og vi har ikkje gått ut med open konkurranse. Eg syns resultatet også er blitt utruleg kult.

Helene Ødven

NØGD: – Vi er veldig stolte av det vi har fått til her, seier leiar i Bergen og Hordaland turlag, Helene Ødven om planane for nybygget på Skåla.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Tusenvis av folk går kvart år på tur med Skåla som mål. Skålatårnet vart sett opp i 1891, og er etter kvart så flittig brukt, også på vinterstid at bygget lir av fuktskadar grunna oppvarming. I fleire år har turlaget difor halde på med prosjektet med å få på plass eit nytt bygg.

– I siste liten

Skåla ligg i Jostedalsbreen nasjonalpark, og styret i parken har sett klare krav til eit nytt bygg. Mellom anna skal nybygget ikkje ta glansen av dagens tårn, og det er teke omsyn til plassering, høgde og materialval.

– Det som er gjort frå Bergen turlag er veldig bra, og dei har gjort eit godt stykke arbeid. Vi har vore inne i prosessen og godkjent planar, seier Sven Flo, som er ordførar i Stryn og nestleiar i nasjonalparkstyret.

Han ser positivt på innspelet frå arkitekt Midttun, men meiner det kjem lovleg seint. For allereie til hausten håpar turlaget å kome i gang med arbeidet.

– Det er ei siste krampetrekning for å få dei involverte til å sjå kva meirverdi ein slik konkurranse ville hatt. Ikkje berre for Loen og Stryn, men for heile Nordvestlandet, seier Midttun.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.