NRK Meny
Normal

Arkeolog fryktar dette kan skje langt oftare

Arkeolog Trude K. Knagenhjelm er hovudristande til at Sogn og Fjordane har mista sitt andre tusenårsgamle kulturminne på ein knapp månad.

Trude Knagenhjelm

MEININGSLAUST: Arkeolog og leiar i antikvarisk utval i Sogn og Fjordane, Trude K. Knagenhjelm, kallar det heilt unødvendig at steinkrossen gjekk med i trefellinga.

Foto: Birger Meland/Laila Indrebø / NRK

– Dette er trist og heilt unødvendig, seier arkeolog og leiar i antikvarisk utval i Sogn og Fjordane, Trude Knagenhjelm.

Ho finn nesten ikkje ord for å beskrive kor ille ho tykkjer det er at den keltiske steinkrossen frå 1023 som stod utanfor kyrkjegarden ved Eivindvik kyrkje, no er delt i to.

Kulturminna lever farleg i fylket

Hendingane dei siste månadene kan tyde på at kulturminne lever eit farleg liv i Sogn og Fjordane.

– Ja, med tanke på at det er snømåking og trefelling som har teke knekken på både runestein og kross, så tenkjer eg at dette kan skje ganske ofte. Det er kanskje berre flaks at det ikkje skjer oftare, seier Knagenhjelm.
Var eit monumentalt kulturminne

At uhellet endåtil skulle skje medan ein gjorde noko for å unngå at krossen vart skadd – felte eit gammalt og rote tre – er mest ikkje til å tru.

– Det er eit monumentalt kulturminne på mange måtar, sjølv om det ikkje er like stort som ei kyrkje. Det er eit veldig sterkt symbol i seg sjølv, ikkje minst på grunn av plasseringa det har, og det symbolet eit kors har, i tillegg til at det er hogge i stein. Og så klarar ein å knekkje det, seier Knagenhjelm.

(Artikkelen held fram under biletet)

Runesteinen i Sogndal før og etter

RUNESTEINEN PÅ STEDJE: Den over tusen år gamle runesteinen på Stedje i Sogndal fekk sitt endelikt av snørydding.

Foto: Stein Bondevik og Kjell Arvid Stølen

Inngår i heilskapen på Gulatinget

– Korset står på det ein har tolka som Gulatinget. Korset inngår i den heilskapen som Gulatinget er i form av kulturminner, så kulturhistorisk er dette eit stort tap. Det syner at ein ikkje heilt er medviten på kva ting som er der, seier Knagenhjelm.

Ho er usikker på om det vil late seg gjere å reparere ein slik kross.

– Viss ein samanliknar det med runesteinen på Stedje som det nettopp var ein konservator og såg på, så vert dette annleis. Det er ein svært tung del som har falle av, så spørsmålet er korleis ein kan reparere det, og om han kan få same utsjånad som han hadde, seier Knagenhjelm.

Meiner noko bør gjerast

Ho trekkjer parallellar til hendinga med runesteinen på Stedje som vart øydelagd av snørydding.

– I kva grad har ein tenkt sikring når ein felte treet? Eg kjenner ikkje detaljane her, men det er ein likskap med Stedje i at det er svært trivielle ting som skjer og så får ein kjempekulturhistoriske tap som følgje av snømåking og trefelling, seier Knagenhjelm.

At noko bør gjerast for å unngå liknande hendingar, er ho klar på.

– Det verkar som om det på lokalt nivå er behov for bevisstgjering. Riksantikvaren har teke nokre grep i forhold til dette, sidan det er politikarar som har sett at kulturminne går tapt i lokalsamfunn. Då har dei teke til orde for at det må gis pengar til kommunane for å lage kulturminneplanar, seier Knagenhjelm.

Sjølv trur ho det er ein veg å gå.

– Eg trur ein kan forsterke vernet av kulturminne ved å jobbe meir planmessig. Det er ein ting kommunane er vane med, ein forheld seg til planar, seier Knagenhjelm.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.