Hopp til innhold

Arild har levert kvalitetsmjølk i 25 år

JØLSTER (NRK): I ei lita vestlandsbygd har Arild Bruflot vore mjølkebonde i over 30 år. Nesten like lenge har han levert «steikande» god mjølk.

Arild Bruflot

GODT STELL: Bonde Arild Bruflot tek seg god tid når han er i fjøsen. Slik blir det god mjølk av.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– God mjølk skal lukte steikande godt, den skal smake godt og sjå god ut med kvit og fin farge.

Med vande nevar klør Bruflot kyrne over nakken. Her inne har han brukt enormt med tid sidan han starta opp som bonde i 1986. Nesten like lenge, dei siste 25 åra, har mjølka han har levert frå seg vore av ypparste kvalitet.

Det har han jobba knallhardt for.

– Målet har vore at eg kvar månad skal oppfylle Tine sine krav til elitemjølk. Eg har vore oppteken av det, gått mykje i fjøsen og slike ting, seier han med eit lunt smil.

Det beviser at dyra har det godt

Bonden på Ålhus er i godt selskap når det kjem til å levere tipp-topp kumjølk. Av mjølka produsentane til Tine i Sogn og Fjordane leverte i 2017 var 97,54 prosent det som blir kalla elitemjølk.

Når mjølka er god seier det mykje om kor godt kyrne har det.

– Vi måler innhald av bakteriar, celler, ulike stoff i mjølka. Vi måler også frie feittsyrer og vi måler sporinnhald i mjølka. Alt saman er eit uttrykk for helsetilstanden til kua og dermed kvaliteten på dyrehaldet på garden, og reinhaldsrutinar, fortel Johnny Ødegaard, som er konserndirektør i Tine rådgiving og medlem.

Arild Bruflot

MYKJE TID: Arild Bruflot brukar mykje tid i fjøsen. I båsfjøsen er det ingen mjølkerobotar, berre ein trufast arbeidskar som gjer alt på "gamlemåten".

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Må få godt stell

Bruflot sjølv tek ikkje lett på mjølkekvaliteten. Etter nokre år med prøving og feiling sette han seg mål om å få det til kvar einaste månad. Og slik har det gått. Først eitt år, så to, og no altså 25 år.

– Det startar med at ein har ei god eng som gjer godt gras. Dyra må få godt stell både i fjøsen og på beite, ramsar mjølkebonden opp som suksessfaktorar.

Er glad for gode kollegaer

Arild Bruflot

UTMERKING: Denne månaden blir Arild Bruflot gjort stas på av Tine for at han har levert kvalitetsmjølk i 25 år.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Denne månaden er han ein av fleire bønder i fylket som får ei utmerking for å ha levert elitemjølk i 25 år. Ifølgje Ødegaard i Tine er det mange bønder i Sogn og Fjordane som leverer frå seg svært mykje god mjølk.

– I Sogn og Fjordane er det mange produsentar som har greidd å halde denne kvaliteten ikkje berre over ein heil månad, men gjennom heile året, og nokre over mange år samanhengande.

At også det også frå gardane rundt blir levert god mjølk trur Bruflot er viktig for å klare å halde kvaliteten på topp.

– Det er mange kommunar og grender i fylket med gode fagmiljø for mjølkeproduksjon. Det gjer det enklare å drive. Er det langt til næraste nabo som driv med det same, blir det verre.