Familien Aliu frå Kosovo, som er tvangssende ut av Norge, vart sperra inne på eit lukka mottak då dei kom fram til den finske hovudstaden i går kveld. Helsekoordinator i Flora kommune, Siv Førde, fekk i går telefon frå den fortvila faren.
Fortvila
Klokka halv sju i går ettermiddag fekk Siv Førde, helsekoordinator og psykiatrisk sjukepleiar for flyktningar i Flora kommune, ein fortvila telefon frå pappa Sokol. Han fortalde at heile familien hans hadde blitt sett i fengsel av det finske politiet. UDI seier derimot at familien er sendt til eit lukka mottak.
-Familien er ikkje norsk ansvar lenger, seier informasjonssjef Geir Løndal i UDI. Han meiner at UDI har handsama saka korrekt.
Kriminelle
I går tidleg vart vesle Argjend, som er autist og sterkt funksjonshemma, og familien hans sendt ut av Norge. Då dei kom til flyplassen i Helsinki måtte dei vere der i sju timar, før politiet stengte dei bak låste dører. Siv Førde meiner Argjend og familien blir behandla som kriminelle. Politiet i Finland nektar å sjå på famlien Aliu sine medisinke dokument.
Kjempa for familien
Mange har protestert over at tre år gamle Argjend, veslesyster på eit halvt år, storebror på åtte år og foreldra Sokol og Ferida ikkje får bli i Norge til søknaden om opphald på humanitært grunnlag er ferdig behandla.
Siv Førde er ei av mange som har kjempa for at familien Aliu skulle få bli i Norge. Ho meiner at norske styresmakter visste om at familien kunne bli sperra inne i Finland.
Politiet sitt ansvar
Kommunalminister Erna Solberg vil førebels ikkje kommentere saka. Ho seier at det er politiet som har anvaret for at familien Aliu er blitt sendt til Finland.
Vil undersøke
Og SV-politikar Heidi Grande Røys vil no undersøke denne saka vidare.
Ho har tidlegare oppmoda til UDI om ikkje å utvise familen Aliu før saka deira er ferdigbehandla. Grande Røys meiner det er heilt uakseptabelt at Argjend og familien no er blitt sperra inne i Finland.
Dublinerkonvensjonen
Argjend og familien hans er sende til Finland på grunn av Dublinerkonvensjonen. Det er eit felles regelverk for Schengen-området som gjer at asylsøkarar berre får handsama søknaden sin i eitt land.
For å unngå at flyktningar reiser Europa rundt og søkjer asyl overalt, vert dei no sende attende til det landet dei fyrst fekk avslag i om dei søkjer på nytt ein ny stad. Dermed har norsk politi rett til å sende familien Aliu til Finland. Men SV-politikar Heidi Grande Røys meiner norske styresmakter burde teke omsyn til Barnekonvensjonen.