NRK Meny
Normal

Stor oppslutnad om starten på brystkreftaksjonen

Årets Rosa Sløyfe-aksjon vart sett i gong over heile landet denne helga. I Førde fekk aksjonsstarten stor merksemd.

Rosa Sløyfe-aksjon

AKSJONSSTART: Med dans, musikk og talar vart årets Rosa Sløyfe-aksjon opna på Langebrua i Førde.

Foto: Alf Vidar Snæland

På heile Langebrua frå sør til nord i Førde sentrum, vart Rosa Sløyfe-aksjonen markert med dans, musikk og talar - alt for å setja kveik i ein aksjon der alle inntektene går til arbeidet mot brystkreft.

God start

Aksjonsleiar i Sunnfjord, Ester-Johanne Sande, var særs nøgd med starten på årets aksjon lokalt.

– Vi tykte at det gjekk veldig bra. Mange stilte opp for oss frivillig, og vi synes det er kjempeviktig at mange får sjå kvifor denne aksjonen er så viktig, seier Sande til NRK.

Framover i oktober vil Rosa Sløyfe-aksjonen bli markert på ulike måtar over heile landet og fylket.

Viktig med dei unge

Ho trekkjer særleg fram dansarane, musikantane, lydfolk og andre som gjorde sitt til at årets Rosa Sløyfe-aksjon fekk ein pangstart.

Rosa Sløyfe er ein internasjonal aksjon, men her i landet er det organisasjonen Foreningen for brystkreftopererte som står bak.

– Det som er viktig for oss er at også unge er med og engasjerer seg. Mange av dei unge har opplevd kreft på nært hald i familien, og det er viktig at me for med oss alle i kampen mot kreft, seier Ester-Johanne Sande.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser