Hopp til innhold

Årets Qfilm er kåra

Publikumsprisen under årets Qfilm-festival gjekk til filmen "A deadly game".

A deadly game

VINNARFILMEN: 'A deadly game' vann også pris for beste animasjon.

Bak vinnarfilmen står Marianne Aastrup, Silje Vibeke S. Hage, Karoline Schøgren, Thor Skarsholt og Hege Stein.

A deadly game er ein teiknefilm med mellom andre russaren Boris og ein gris, som viser seg å vere meir skummel enn han gjev ser ut for å vere.

Fekk ikkje du med deg prisutdelinga?

Vann 2 prisar

Gjengen bak "A deadly game" nøya seg ikkje med å stikke av med «Publikumsprisen». Filmen vann også pris i kategorien beste animasjon.

Qfilm-prisen 2010

QFILM-PRISEN: To prisar kunne dei fem talentfulle filmskaparane ta med seg.

Foto: qfilm

Dei fekk dermed med seg to statuettar. I tillegg var premien for «Publikumsprisen» eit Canon 550D stills/HDvideokamera med mikrofon til ein verdi av 8000 kroner.

Kniving i toppen

Det var veldig tett mellom konkurrentane i toppen. Den siste veka har nettlesarane til NRK Sogn og Fjordane stemt på kva film som fortener «Publikumsprisen».

Det kom inn 1209 stemmer.

Til slutt stod det mellom A deadly game og Kofferten. Vinnaren fekk 20 % av stemmene, medan Kofferten fekk 19 %.

Årets tema under festivalen har vore action.

KLIKK HER OM DU VIL SJÅ FLEIRE ACTIONFILMAR

Ny publikumsrekord

Qfilm blir arrangert for niande året på rad og det er tredje klasse ved medialinja ved Firda vidaregåande skule som arrangerer festivalen.

Festivalleiar Malina Kirkeide kunne under prisutdelinga fortelje at festivalen hadde sett ny publikumsrekord. 350 personar har vore innom festivalen på Sandane.