Hopp til innhold

Utvikla ny barnepedagogik – kåra til årets gründer på Vestlandet

Heidi Aabrekk frå Sandane er kåra til Årets Gründerkvinne på Vestlandet. Aabrekk er gründer bak Bravo-leiken, ein eigenutvikla pedagogikk for førebygging av lese- og skrivevanskar hos barn

Heidi Aabrekk frå Sandane og bedrifta Intempo er kåra til årets gründerkvinne på Vestlandet.

– Dette betyr veldig mykje for meg, eg har jobba for dette i veldig mange år, seier ein tydleg rørt prisvinnar.

Prisen blei delt ut i samband med gründerdagen til Innovasjon Norge i Førde tysdag. I vurderinga av kandidatar til prisen vart det lagt vekt på at idéen er innovativ og har internasjonalt marknadspotensial.

Eit anna viktig kriterium er at gründeren går føre som ein god rollemodell.

– Det var faktisk litt uventa. Eg er veldig imponert over dei to andre finalistane.

Framleis i startgropa

Aabrekk trekte altså det lengste strået i skarp konkurranse med Berta Lende Røed frå Bryne som har utvikla FuelBox, og Therese Wigstrand frå Voss som driv selskapet Tiljamid.

– Eg opplever at eg framleis er i startgropa på mange måtar. Dette med fagleg innovasjon er ein svært langsiktig prosess, så eg er svært takksam.

Aabrekk står bak Bravo-leiken, ein eigenutvikla pedagogikk for førebygging av lese- og skrivevanskar hos barn. Materiellet er utvikla for born i alderen 0–3 år, og kan brukast både heime og i barnehagen. Aabrekk byrja å utvikle ideen då ho sjølv blei mor til ein gut med ein alvorleg hjerneskade i 2004.

– Som spesialpedagog så merka eg at eg ikkje kunne nok. Eg hadde ikkje verktøy i verktøykassa mi til å kunne hjelpe han. Dei fann eg i fleire ulike miljø som sette hjernen i fokus, og det er den erfaringa eg har lyst til å dele.

Tradisjonell pedagogikk lite effektiv

I dag reknar ein med at mellom 15 og 20 prosent av barn og unge har lese- og skrivevanskar. Omfanget er aukande og tradisjonell pedagogikk har synt seg lite effektiv.

Medan det her i landet tradisjonelt har vore størst pedagogisk fokus på dei eldste, så er Bravo eit av dei første konkrete undervisningsopplegga for born i alderen 0–3 år, skriv innovasjon i si grunngjeving.

(Saka held fram under biletet)

Årets gründer 2014
Foto: Stein Aase / NRK

– Prisen gir ein sjanse til å få bodskapen ut. Til å gjere det kjent, og la folk forstå at aldersgruppa 0–3 år er verkeleg viktig. Det er ikkje snakk om at vi skal vente til dei blir større, dei har allereie ein stor verdi, dei er gull.

Tysdag blei Aabrekk kåra til årets gründerkvinne på Vestlandet, ho er og nominert til årets gründer i Sogn og Fjordane og går no vidare til landsfinalen for gründerar i Norge.

– Eg tykkjer det er svært motiverande å kunne vere med å betre borns kvardag, og samstundes også bidra reint samfunnsøkonomisk. Det er klart at med ei slik anerkjenning for jobben ein gjer, så kan ein nå lenger.