NRK Meny
Normal

Fekk Årets gründerpris for pedagogisk innovasjon

Heidi Aabrekk og Intempo sopar i land prisar for arbeidet med ein superenkel metode for å lære born å lære språk. I dag fekk ho Årets gründerpris. For ei vekes tid sidan vart ho kåra til Årets günderkvinne på Vestlandet.

Heidi Aabrekk

ÅRETS GRÜNDER: Heidi Aabrekk og Intempo frå Gloppen er årets Gründer 2014. Ho får prisen for arbeidet med å utvikle ein pedagogisk innovasjon for born.

Foto: Stein Aase / NRK

For ti dagar sidan vart Aabrekk kåra til Årets günderkvinne på Vestlandet. Bedrifta hennar, Intempo, har utmerka seg med å lære språk til born frå 0 – 3 år.

Dei kombinerer nyare hjerneforsking med tradisjonell pedagogikk, og Aabrekk har utvikla Bravoleiken, som gjennom sanseopplevingar, bokstavar, ord og aktivitetar stimulerer språk og motorikk hos born.

Takksam for prisen

I dag vart ho kåra til Årets gründer. Utdelinga er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Framtidsfylket og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Det betyr veldig mykje for meg å bli Årets Gründer. Jo fleire som får vite kva våre minst er i stand til å lære, jo betre er det.

– Vi har jobba lenge for å gjere Bravoleiken kjend, og å få ei slik merksemd, gjer det mykje enklare. seier Aabrekk på telefon frå Oslo, der ho i dag held Bravokurs for 60 pedagogar.

Bravoleiken

Aabrekk står bak Bravo-leiken, ein eigenutvikla pedagogikk for førebygging av lese- og skrivevanskar hos barn. Materiellet er utvikla for born i alderen 0–3 år, og kan brukast både heime og i barnehagen. Aabrekk byrja å utvikle ideen då ho sjølv blei mor til ein gut med ein alvorleg hjerneskade i 2004.

(Saka held fram under bilete)

Foto: Truls Kleiven

Prisen vart delt ut på Temposeminaret. Prisvinnaren får med seg 100 000 til utviklinga av forretningsideen sin.

I 2012 var det dataverksemda Highsoft AS frå Vik i Sogn som vann kåringa, medan Nordfjordverksemda Melin Medical gjekk av med sigeren i fjor.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå