VART LIGGANDE NEDE: Fotballpresident Yngve Hallén vart liggande nede etter ei takling i andre omgang. Han får skryt for innsatsen og var sterkt delaktig til at laget snudde kampen til siger.
LEGEHJELP: Det var ingenting å seie på det medisinske støtteapparatet under kampen. Både ein lege og ein dyrlege var på plass.
KYNDIG HJELP: Både dyrlegen og legen gav dei skadde spelarane sårt tiltrengt tilsyn undervegs i kampen.
TØFFE TAKLINGAR: Jokeren Yngve Hallén måtte tole ein del taklingar undervegs. Her er det både spelaren frå SGNskis og fotballpresidenten som prøver seg på litt god gamaldags halding i skjorta.
LØPSKRAFT: Fotballpresidenten fortel sjølv at han held fotballferdigheitane ved like med å spele fotball i sommarferien, og får skryt av trenaren for å vere god på langløp.
KEEPER: Terje Skjeldestad som i dag er keepertrenar i Sogndal vakta det eine målet i kampen.
DELTE UT POKAL: Yngve Hallén både delte ut og tok imot pokalen saman med vinnarlaget frå Bratt Moro.
PÅ BENKEN: Yngve Hallén såg i går Norge tape stygt mot Frankrike, og kom svært så revansjesugen til Fosshaugane.
TØFFE TAK: Isposar og skrubbsår vitnar om tøffe tak under kampen mellom SGNskis og Bratt Moro.
UT MED SKADE: Etter ei tøff takling måtte Yngve Hallén ha hjelpa av bana. Men 'skaden' var ikkje berre enn at han var raskt på bana att, og det blir spekulert i om han skulle hatt gult kort for filming.
SGNskis: I sjokkgule drakter måtte laget frå SGNskis til slutt sjå seg slått av motstandarane Bratt Moro i år.
FLOTT VÊR: Vêrgudane var i det gode humøret under kampen, og då gjorde det godt med ein liten dusj frå vasspreiarane undervegs.
MYKJE FOLK: Det var mange som hadde teke turen til solfylte Fosshaugane for å få med seg det som har blitt skildra som ein knokkelkamp.
BRATT MORO: Vinnarlaget stilte i raude og svarte drakter. Yngve Hallén i midten framme får mykje skryt av trenar Reidar Dvergedal, i kvit skjorte og dressjakke på rekka bak.