Hopp til innhold

Årdøl vann 2,7 millionar i lotto - no blir det ny bil og sydentur

Ein mann frå Øvre Årdal vart 2,7 millionar kroner rikare i går kveld, då han prikka inn sju rette tal på lottokupongen sin.

Lotto

(illustrasjonsfoto)

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

– No skal eg kjøpa meg ny bil, seier årdølen til Norsk Tipping.

Mannen sjekka kupongen sin etter at Norsk Tipping forsøkte å ringa han laurdag kveld.

Då dei fekk tak i han søndag føremiddag, var han klar som eit egg.

– Eg har venta på denne telefonen i dag. Det har blitt lite søvn i natt. Etter at eg seint i går kveld fann ut at eg hadde vunne, så vart eg liggjande og tenkja på kva me skulle bruka pengane på, seier han lattermildt.

Noko av det første han skal gjera er å byta ut bilen sin.

– Den me har er ein 2012-modell, men bagasjerommet blir litt lite når me skal på sydentur. Og det blir nok ein eller to turar til sydlegare strøk for desse pengane, seier den nybakte lottomillionæren.

Det var i alt fire heldige som laurdag kveld fekk ein fin sum pengar inn på konto. I tillegg til årdølen vart ein dame frå Sør-Trøndelag, ein mann frå Buskerud og ein mann frå Akershus ganske mykje rikare laurdag kveld.