Hopp til innhold

Bjarne (71) imponerte mot yngre skyttarar - får skive 1 i finalen

71 år gamle Bjarne Sandvik frå Årdalstangen skaut svært bra under Landsskyttarstemnet i Bodø måndag.

Bjarne Sandvik

BRA SKYTING: Bjarne Sandvik får skyte på skive 1 i finalen i baneskyting.

Foto: Aleksander Øren Heen

Han skaut 247 poeng i den innleiande baneskytinga i klassen V55. Denne poengsummen heldt til skive 1 i finalen som går torsdag.

Sandvik skyt for Knipenborg Skyttarlag og vann også eit norgescupstemne i forkant av LS. Sandvik har tidlegare to 3.-plassar i tidlegare landsskyttarstemne i klassen for veteranar over 55 år.

– Dette har gått kjempebra. Eg er i god form, så då går det bra, fortel han.

Likar utfordringen

Med ein alder på 71 år kunne han skote i klassen for V65, men han vil halde seg i V55 på grunn av utfordringane han får der.

– Skal eg skyte V65 blir det 100 meter avstand og berre liggjande. I den klassen er skyt i, er avstanden 200 meter og det er både kne og liggjande skyting.

No satsar han på å skyte like bra i finalen på torsdag.

– Ja, eg får prøve å halde plassen. Eg skal også skyte felt på onsdag.

Ungdommen imponerer

Men det er ikkje berre Sandvik som har gjort det bra i dag. Jørn Njøs som er leiar i Fjordane krets, seier at tre lokale skyttarar i klassen for eldre rekrutt har imponert.

– Vi har tre unge som har skote fullt hus med 250 poeng på baneskytinga i dag i klassen for 14-15-åringar.

Dei tre er Helene Vikøren frå Farnes, Benedikte Oppedal frå Oppedal/Brekke og Reidar Berge frå Vadheim. Dei skal skyte finalen i morgon klokka 15.

29 treff for fem i klasse 5

I klasse 5 har det vore innleiande feltskyting. Bjarte Haugnes frå Florø, Vegard Solhaug frå Aurland, Ove Sunde frå Dale i Sunnfjord, Herman Erdal frå Førde og Robert Sandvik frå Knipenborg klarte alle 29 treff. Dei er klare for finalen på laurdag. 34 personar hadde fullt hus med 30 treff.

– Bjarte Haugnes er på 62. plass, og blei best av våre, seier Njøs.

I klassen for V65 skaut Leiv Brun frå Farnes 250 poeng og er klar for finale i denne klassen på onsdag. Ola Aase frå Nordbygda fekk 249 poeng og enda som nummer 22.

Andre resultat frå stemnet i Bodø i dag:

Klasse 1

  • Ørjar Eiken frå Hyllestad vann med 29 treff i feltskyting

Klasse 2

  • Jomar Skarbø Dale frå Leikanger blei nummer 7 med 243 poeng på bane

Junior

Laurdag er det fire juniorar som skal skyte finale i feltskyting

  • Håkon Sætre frå Haugen, 30 treff
  • Jørgen skivenesvåg frå Hyllestad, 29 treff
  • Lovise Eiken frå Hyllestad, 29 treff
  • Eirik Hylland Aurland, 29 treff

Det blir fleire kvalifiseringar i både felt- og baneskyting til og med onsdag.