Årdal: Startar nye søk klokka 10

Klokka 10 startar leitemannskapa i Årdal nye søk etter 24-åringen frå Eritrea som er sakna i Årdal.

Nye søk i Årdal

NYE SØK: Leitemannskap gjer seg sundag føremiddag klare til nye søk i Årdal.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

– Vi startar søket no i eit område i Utladalen ved Vetti, som vi ikkje fekk søkt gjennom laurdag, seier innsatsleiar Helge Øvstetun.

Leitinga har til no i hovudsak vore konsentrert om eit turområdet, der den sakna pleidde å gå turar.

Vanskeleg område

40 personar frå Sivilforsvaret i Årdal og Aurland, Norsk Folkehjelp, Røde Kors og Norske Redningshundar søkte laurdag gjennom Utladalen, Moadalen, og området der han bur.

Lensmann i Lærdal, Helge Øvstetun

KREVJANDE OMRÅDE: Lensmann i Lærdal, Helge Øvstetun, er innsatsleiar.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

– Det er eit svært krevjande område å leite i, med stadvis tett vegetasjon, steinmurar og bratte fjellsider, seier Øvstetun.

Det vart og gjort finsøk langs elva Utla. Patruljer søkte også i terrenget opp mot Vetti og Avdalen.

Etter at søket vart avslutta laurdag kveld, har det vore lyttepostar ute i terrenget gjennom natta.

– Dei har ikkje gjort nokon observasjonar, seier Trond Hatlenes, som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Få spor

Sakna asylsøkar

SAKNA: Mannen er av eritreisk opphav.

Foto: Politiet

Den sakna 24-åringen frå Eritrea forsvann torsdag frå bustaden sin på Årdal Mottakssenter. Etter det har ein få sikre observasjonar av den sakna.

Klokka 12 torsdag skal han ha blitt observert då han kom med buss frå Årdalstangen. Seinare er det gjort to observasjonar av det som kan vere den sakna, ein ved Naturhuset på Skåri i Utladalen, og ein observasjon på Vetti seinare på ettermiddagen.

– Vi har ikkje fått i nye tips som gjer at vi førebels vil leite andre stader, seier Hatlenes.

Ny gjennomgang

– Vi skal no ha ein gjennomgang av leitinga så langt, og så får vi sjå korleis vi skal legge opp det vidare søket, seier Øvstetun.

Politiet oppmodar dei som har hus og hytter i området om å sjekke eigedomane sine.