Ligg an til sensasjon - men torer ikkje juble

Senterpartiet har fått 41,6 prosent av førehandsrøystene ved kommunevalet i Årdal – Arbeidarpartiet har fått 39,9 prosent. – Sensasjonelt, meiner ordførarkandidat Aleksander Øen Heen.

Alexander Øren Heen

TRUGAR AP: Aleksander Øren Heen er ordførarkandidaten til Senterpartiet i Årdal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vallogo

Dersom desse tala held seg når alle røystene er talde opp er det klart at det blir eit valskrell av dei sjeldne. Arbeidarpartiet har ved dei føregåande vala hatt over 70 prosent av røystene, men det siste året har det vore veksande misnøye med måten kommunen blir styrt på, særleg frå folk på Årdalstangen.

– Det er nesten uverkeleg. Dette blir utruleg spennande dei komande par timane, seier ordførarkandidat Aleksander Øren Heen (Sp).

– Det er veldig kjekt, men eg torer ikkje juble enno, seier han.

Trur på eit jamt løp heilt inn

Når NRK snakkar med Sp-politikaren, er omlag ein tredjedel av stemmene talde opp i Ap-bastionen. Så seint som for fire år sidan hadde Senterpartiet dobla oppslutnaden sin i Årdal til 14,1 prosent.

No ser dei ut for å knuse den førre toppnoteringa.

– Det er veldig mange førehandsrøyster i år, så eg trur dette er ein god indikasjon på at det blir svært jamt, seier Øren Heen.

Førehandsrøystene utgjer 20,6 prosent av røystene i Årdal.

– Ser faktisk ut til å vere mogeleg

Øren Heen viser til ei valdagsmåling som Sogn Avis har gjort. Den fortel om under 50 prosent for Ap og over 40 prosent for Sp. Til samanlikning fekk Ap 74,7 prosent i 2011.

– Det ser faktisk ut til at det er mogeleg å truge det reine fleirtalet til Arbeidarpartiet, seier ein spent Øren Heen.

Dersom det endelege resultatet blir slik førehandsrøystene indikerer, vil Arbeidarpartiet berre få åtte av dei 21 mandata i kommunestyret, Senterpartiet får ni, medan dei fire andre borgarlege partia får eitt mandat kvar.

Arild Ingar Lægreid

SKAKA ORDFØRAR: Arild Ingar Lægreid (Ap) er overraska over førehandsrøystinga.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eit lite jordskjelv

Ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) er overraska over resultatet av førehandsrøystinga i Årdal.

– Dette er eit lite jordskjelv. Vi var klare over at Senterpartiet mobiliserer og at dei ville gå fram, men så store utslag er overraskande. Vi får berre vente og sjå når dei endelege tala er klare.

– Eg er klar for å ta over ordførarklubba, seier Øren Heen.