NRK Meny
Normal

Årdølene ventar på Frikjent 2

ÅRDALSTANGEN (NRK) Til hausten går andre sesong av krimdramaserien «Frikjent» på TV. Journalist Hanne Stedje seier serien som er spelt inn i Årdal har hatt stor innverknad på lokalsamfunnet.

Opptak til Frikjent 1

OPPTAK: Opptak frå sesong 1 ved «Fjordboden» på Årdalstangen. No er ein ny sesong av dramasuksessen på trappene.

Foto: Hanne Stedje / Sogn Avis

– Det er veldig stor forskjell frå første til andre sesong. Under første sesong visste ikkje folk kva dette dreide seg om før premieredatoen kom og dei såg at dette vart ein dramasuksess. Under opptaka no har folk vore meir opptekne av dette, seier Stedje.

Ho er tilsett i lokalavisa Sogn Avis og har vore statist på fritida og skrive artiklar om filminnspelinga som journalist.

– Filmskaparane gjekk breitt ut på jakt etter statistar. Me har snakka med statistar frå heile regionen, folk som har teke tre bussar og to ferjer for å vere med på opptak som har vart heile dagen og kanskje endt opp med eit sekund på skjermen, fortel Stedje.

Suksess

Krimdramaserien vart tidenes suksess for TV2 i fjor vår. Både første og andre sesong er i hovudsak blitt filma i Årdal og mange bygdefolk har på ein eller annan måte vore med. Folk som NRK snakka med utanfor ein daglegvarebutikk på Årdalstangen var i alle fall engasjerte.

– Han i hovedrollen er ein kjempefin mann, seier Daria Voloshina og ler.

– Har du snakka med han personleg?

– Nei, men eg har sett han gjere opptak. Eg har ikkje vore statist fordi eg har vore på jobb, smiler ho.

Aud Lægreid viste fram bakekunsten sin for skodespelarane og crewet.

– 30 personar invaderte huset mitt om morgonen og gjorde opptak ein heil dag. Etterpå åt dei middag i hagen og eg bakte kanelsnurrar. Det var ein veldig kjekk dag, seier Lægreid.

Scena skaut dei på verandaen hennar då «Tonje» - spelt av Synnøve Macody Lund - hadde kjøpt seg nytt hus og fekk besøk av «Aksel», spela av Nicolai Cleve Broch.

– Det var i episode åtte eller ni av første sesong, seier Lægreid, som seier «selvfølgeleg» når me spør om ho skal sjå «Frikjent» att når oppfølgaren kjem.

Reklame

Terje Hansen tykkjer det er spennende at serien vart lagt til Årdal.

– Ein leitar jo etter plassar og folk ein kjenner, seier han.

På den førre arbeidsplassen hans vart det mykje snakk om Årdal som lokaliseringsstad for krimserien.

– Eg trur serien har litt reklameverdi for Årdal.

Hanne Stedje trur årdølene er stolte av det som har skjedd i bygda.

Hanne Stedje som statist

STATIST: Journalist Hanne Stedje som statist under sesong 1 av Frikjent.

Foto: Privat

– Ja, det er stas å sjå Årdal på skjermen. Mange sa: jøss, kor flott det er her.

Lokalavisjournalisten har skrive artiklar som tek føre seg kva reklameeffekt ein slik filminnspeling kan ha.

– Reklameeffekten har potensiale. Det ser me frå andre plassar der TV-seriar har vore knytt opp mot stadnamnet. Men i «Frikjent» er Årdal kalla «Lifjord». Så utfordringa er å gjere det kjent at «Liford» er Årdal, seier Stedje.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast