NRK Meny
Normal

Årdal vart rådd frå å investere på Håbakken

Årdal Utvikling slakta planane om forbrenningsanlegg og pelletsfabrikk på Håbakken og stilte spørsmål både ved marknadstilgang og inntening.

Skisse, varmesentral og pelletsfabrikk, Håbakken i Lærdal

ANLEGG: Tverrsnitt av det planlagde forbrenningsanlegget på Håbakken.

Foto: Arkitektgruppen Cubus

Det var då Ecoinowaste inviterte eigarkommunane i Sogn interkommunale avfallsselskap til ein emisjon på 30 millionar kroner i fjor, at dagleg leiar Terje Laberg i Årdal Utvikling slakta prosjektet slik det låg føre.

Ecoinowaste og Simas ynskjer å etablere eit forbrenningsanlegg og pelletsfabrikk på Håbakken i Lærdal. Foredla restavfall frå Kaupangar skal brennast på Håbakken, og varmesentralen kan skape energi til anna næring, som produksjon av pellets.

For høg risiko

NRK har fått tilsendt analysen som er skrive i 2016 og som var meint for internt bruk i Årdal kommune. I konklusjonen står følgande:

«Vi meiner at risikoen er alt for høg utan ein industriell og finansiell partnar som har erfaring frå bransjen og som kan bidra med den naudsynte finansielle muskelkraft til å tilføre (...) naudsynt eigenkapital, organisasjonsmessige ressursar/kompetanse og kontaktflate i marknaden til å sikre stabilitet i ordretilgangen dei første 2–3 åra».

Terje Laberg

KRITISK: Dagleg leiar Terje Laberg var kritisk til planane på Håbakken då Årdal kommune vart invitert til å delta i ein emisjon i fjor.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Grunnlaget for kritikken var prospektet som vart sendt til eigarkommunane den gongen. Opplysningar som er komen til i ettertid, er såleis ikkje med i vurderinga til Terje Laberg.

Årdal var kritisk mot marknadsmodellane og tykte skissene av innteninga i anlegget var for optimistisk. Samt at Ecoinowaste ikkje hadde nok erfaring eller kunnskap om marknaden.

Trudde ikkje

«Vi har dessverre liten tru på at utviklinga av ein ny forretningsplan vil endre på denne problemstillinga. (...) Marknadsplanen er i prospektet utan verdi, og må også konkretiserast på målgrupper, kundesegment, ordreinngang og partnarar. Ein ny utarbeida forretningsplan vil truleg gi ein meir pedagogisk presentasjon av utfordringane knytt til selskapet sine kapitalbehov, likviditet og lønnsemd og kvalitetssikre synet på dei marknadsmessige mogelegheitene som Ecoinowaste AS har på sikt», skreiv Laberg i analysen, og rådde Årdal kommune frå i å delta i emisjonen.

Rapporten vart spreidd til dei andre eigarkommunane til Simas, og kan ha vore avgjerande for at ingen Simas-kommune deltok i emisjonen.

Som alle dei andre kommunane frå Høyanger og innover Sognefjorden, er Årdal kommune medeigar i Simas. Men kommunen leverer avfallet til sitt eige bosbrenneri på Geithus mellom Årdalstangen og Øvre Årdal.

Fekk investorar

Terje Laberg ynskjer ikkje å kommentere analysen frå 2016. Rådmann Olve Fossedal eller ordførar Arild Ingar Lægreid ynskjer heller ikkje å seie noko til NRK.

Styreleiar i Ecoinowaste, Hallvard Thomassen, seier innhaldet i analysen må Årdal kommune stå for sjølv.

– Målet med prospektet var å skaffe investorar. Og det har vi klart. Med basis i kva som står i prospektet er investorane no på plass, seier Thomassen.

Hallvard Thomassen

STYRELEIAR: – Innhaldet må Årdal stå for sjølv, seier Hallvard Thomassen i Ecoinowaste.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK