NRK Meny

Årdal ute av Robek

Årdal kommune har fått stadfesta at rekneskapen for 2015 er godkjend av Fylkesmannen, og at kommunen no er ute av Robek-registreringa. Fylkesmannen skriv i brevet til kommunen at dei har sendt melding til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om å melde Årdal ut av Robek. Fylkesmannen vil nytte høvet til å gratulere kommunen med det gode resultatet for 2015 og utmelding frå Robek, står det i brevet.

Årdalstangen
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK