NRK Meny
Normal

Årdal tapte mot Bærum

Årdal FK tapte fortent 2. divisjonsoppgjeret mot Bærum heime på Jotun stadion laurdag ettermiddag.

Arild Underdal skåra sitt første mål for Årdal då han gav heimelaget leiinga allereie etter åtte minutt.

Men laget frå Bærum kom tilbake og halvegs ut i første omgang utlikna Andreas Hauger.

Utover i andre omgang tok gjestane meir over, og laget vann fortent. Vinnarmålet kom halvtimen før slutt.

Årdal FK har dermed tapt tre av fire kampar denne sesongen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser