Hopp til innhold

Årdal snudde kampen

Etter ein målfattig førsteomgang, snudde det seg i andre omgang. Kaupanger som tapte 12-0 for Førde førre omgang vann 1-0 over topplaget. Og Årdal tok igjen eit 0-2 forsprang på Fjøra.

Eid - Høyang 1 - 0

Eid hadde eit lite overtak i første omgang. Ikkje nokon klare målsjansar utanom ein som toppscorar Christoffer Hafsås hadde, men som han ikkje fekk utnytta.

Etter 67 minutt scora Ove Balsnes for Eid. Eid hadde eit lite overtak i andre omgang. I dei siste minutta var det litt smånervøst, men Eid vann forten 1 - 0.

Kaupanger - Tornado Måløy 1 - 0

Første omgang var jamspelt med eit par sjansar til begge lag. Etter om lag 25 minutt hadde Tornado Måløy ein ball som gjekk i stolpen og ut, medan Kaupanger hadde ein ball som gjekk i tverrliggaren litt etterpå.

I andre omgang scora Bjørn Vatlestad på ein straffe i 57. minutt. Tornado Måløy pressa på utan å skape dei heilt store sjansane.

Kaupanger har snudd spelet frå førre serierunde, då dei tapte 12-0 for Førde, til å vinne 1-0 mot topplaget.

Stryn - Førde 1 - 2

Eirik Fraas scora mål for Førde like før pause, etter 44 minutt. Ballen kom på eit frispark, var innom eit par spelarar før Fraas skyt ballen i nettaket via keeper.

Første omgang var prega av stillingskrig mellom dei to laga. Førde var best dei 20 første minutta, før Stryn tok over føringa. Etter 30 minutt hadde Stryn ein straffe dei ikkje klarte å nytte.

I det 53. minutt utlikna Petur Heidar Kristjansson for Stryn. Han gjekk frå venstre inn mot midten og skaut til høgre for keeper.

Rett før kampslutt går Førde opp i leiinga igjen etter 89 minutt ved Sander Solvik. Det var frispark til Førde, litt klabb og babb før Solvik la ballen i venstre kryss.

Det har vore ein jamn kamp. Stryn hadde eit lite overtak. Før det var gått tre minutt hadde ein strynspelar vore åleine med keeper to gonger. Men Førde var effektive på dødball.

Årdal - Fjøra 3 - 2

Fjøra var kjapt ute med å score på bortebane. Etter to minutt fekk Frode Kvam målkjenning. Etter 15 minutt scora Ronny Einan på eit frispark som Årdalskeeperen burde teke.

Omgangen var jamspelt. Fjøra scora i dødballsituasjonar, og utnytta begge sjansane dei hadde. Årdal hadde to store sjansar, der den eine gjekk i stolpen og ut.

I andre omgang setter Årdal inn Ole Gunnar Hunderi, og han snur kampen for heimelaget. Årdal dominerer totalt i andre omgang.

Etter 53 minutt scorar Preben Strypet frå kort hald. Etter 60 minutt utliknar Jørn Skjeldestad med ei heading, og etter 68 minutt går Årdal opp i leiinga med eit mål av Roy Olsen.

Tabellen etter fire spelte kampar i 8. serierunde

Tornado Måløy 19 poeng
Årdal FK 18 poeng
Førde 16 poeng
Stryn 15 poeng
Eid 14 poeng
Høyang 13 poeng
Sogndal2 12 poeng
Fjøra 7 poeng
Kaupanger 6 poeng
Jølster 4 poeng
Vik 3 poeng
Florø SK 1 poeng

Sogndal2, Jølster, Vik og Florø har berre spilt sju kampar, mot åtte for dei andre.