Hopp til innhold

Scora mål kvart sjette minutt i snitt

Årdal FK tok seg greitt vidare til andre kvalifiseringsrunde i NM-cupen. Laurdag vart det solide 11–2 over 4. divisjonslaget Vik.

Preben Strypet

FEM MÅL: Preben Strypet (i midten) scora fem mål i cupkvaliken mot Vik laurdag. Biletet er frå ein seriekamp mellom Årdal og Eid.

Foto: Stig Høynes

Vik har mista mange spelarar sidan nedrykket frå 3. divisjon i fjor. I Årdal fekk dei ein svært tung dag på grasmatta.

Etter 3–0 ved pause, vart det reine målfesten med ti mål i andre omgang. Åtte av desse til heimelaget.

– Det var stor skilnad på laga i dag, men så spelte vi skikkeleg godt. Vi hadde ein god dag. Samstundes møtte vi eit svekka Vik-lag frå i fjor, seier femmålsscorar Preben Strypet.

30 sjansar

Det tok kvarteret før den første ballen låg i nettmaskene. Deretter kom måla på rekkje og rad. Til slutt skilde det ni mål mellom dei to laga.

– Etter 3–0 til pause, så fell ein ofte litt nedpå når ein har så god kontroll. Det gjorde ikkje vi. Vi bestemte oss i pausen om å halde trykket oppe og la ballen gå fort i lengderetninga, fortel Strypet og meiner sigeren burde vore større.

– Vi kom til nærare 30 sjansar. Vi brende ein del store sjansar i første omgang, seier han.

– Kva ambisjonar har de for cupen i år?

– Ambisjonen må jo absolutt vere å komme til første runde, og gjerne få kamp mot Sogndal.

Lange reiser

Årdal har i sesongoppkøyringa slått Sogndal 2 og Fjøra, medan oppgjera mot Fana og Valdres enda i tap. Laget er stort sett det same som i fjor. Då var laget ungt.

I år spelar ikkje 3. divisjonslaga frå Sogn og Fjordane lenger med lag frå Hordaland. Med motstandarar frå Møre og Romsdal blir det dermed mange lange turar for Årdal.

– Vi veit lite om sunnmørslaga, men bør kunne sikte oss inn på ei plassering midt på treet, avsluttar han.

Andre resultat:

  • Stryn - Tornado Måløy 7-1 (3-1)
  • Larsnes/Gursken - Eid 3-2 (1-0)

Førde, Florø og Sogndal kjem inn i seinare rundar.