Kommunen skal mellom anna modernisere to skular for 60 millionar kroner, bygge sjukeheim og vassverk.
- Vi er nok ikkje den kommune som får det verst neste år, seier ein stolt rådmann Terje Moe.
Særstilling
For Årdal kommune er kjerringa mot straumen. Medan stort sett alle andre kommunar i fylket slit med å komme i balanse på budsjettet for neste år, kan altså årdølene lene seg tilbake. For dei får eit overskot på 800 000 kroner. Dette til tross for at dei har stramma kraftig inn på heile budsjettet, seier Moe. Men som kraftkommune har Årdal heile tida vore i ei særstilling når det gjeld å ha god økonomi.
Årdal er kraftkommune og har såleis alltid vore i ei økonomisk særstilling.
Overraska
Moe meiner ein del av løyndommen bak budsjettet er å nytte maksimalt dei støtteordningane som finst. I tillegg fekk kommunen ei aldri så lita positiv overrasking i statsbudsjettet.
- Her kom vi faktisk betre ut enn forventa. Mellom anna fekk vi større skatteinngang enn kva vi hadde rekna med.
Skuleeksempel?
Dermed kan kommunen investere i tider der andre må spinke og spare. Kommunen skal mellom anna modernisere to skular for 60 millionar kroner, bygge sjukeheim og vassverk. Kommunen blir altså for reinaste skuleeksempelet for Erna Solberg.
Rådmannen vil ikkje gi Jern-Erna æra.
- Eg trur ikkje vi skal blande ho inn i dette. Vi har gjort ein jobb lokalt, og vi vil ikkje gi ho korkje skulda eller æra for noko som helst, legg rådmannen til.