Hopp til innhold

ROBEK-kommunane langt nede på lista

Ferske tal frå årets Kommunebarometer syner at mange kommunar i Sogn og Fjordane presterer godt.

Marie-Helene Brandsdal

IKKJE NØGDE: Vi er ikkje nøgde, men førsteprioritet er å få orden på økonomien og kome oss ut av ROBEK-lista, seier varaordførar Marie Brandsdal.

Foto: Steinar Lote / NRK

Sogn og Fjordane er det fylket som har den største delen av kommunar som presterer godt, med ei normalplassering på 96.

På barometeret blir dei 428 kommunane i landet rangert frå topp til botn innan 13 ulike områder. Seks av desse faktorane er grunnskule, eldreomsorg, barnevern, barnehagar, helse og økonomi – desse utgjer 3/4 av resultatet.

– Vi er godt nøgde

Halvparten av kommunane i Sogn og Fjordane er blant dei 87 beste i landet. På topp fem ligg Gloppen, Eid, Gulen og Jølster.

Men aller best er Leikanger kommune, som er rangert som den 11. beste kommunen i landet. Rådmann i Leikanger kommune Odd Arve Rakstad meiner det er ein heilskapleg tankegang som ligg bak resultatet.

– Ja, vi er godt nøgde når vi scorar så bra som dette. Det er ei bevisst målsetting å alltid ha gode tenester til innbyggjarane våre i Leikanger, seier han.

Sjølv om Leikanger ligg godt an på rangeringa har dei forbetringspotensial spesielt innanfor barnevern viser statistikken. Rakstad er kjend med situasjonen.

– Det er ei kjend sak at vi har fått nokre merknadar på meldeplikta, seier han.

ROBEK-kommunar langt nede

I motsett ende av skalaen her i fylket kjem Årdal, som ligg heilt nede på 405. plass. Varaordførar i Årdal, Marie Helene Hollevik Brandsdal, seier dei ikkje er nøgde med situasjonen.

Ho meiner Årdal sin økonomiske situasjon, der dei no er ein ROBEK-kommune, kan vere ein av årsakene til den dårlege plasseringa

– Dei neste åra vil bere preg av at me må få økonomien under kontroll og kome oss ut av ROBEK-lista. Det er førsteprioritet, og få ein god økonomi som er handterleg. I det ligg det å prioritere dei lovpålagde tenestene, seier Brandsdal.

ROBEK er eit register over kommunar og fylkeskommunar i økonomisk ubalanse som må ha godkjenning frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å kunne gjere gyldige vedtak om låneopptak eller langsiktige leigeavtalar.

Frå Sogn og Fjordane er Høyanger, Vik, Lærdal, Årdal og Bremanger på ROBEK-lista. Tre av dei fem ligg på botnen av kommunebarometeret for Sogn og Fjordane. Denne sumaren vil også Askvoll hamne på lista, og Selje står i fare for å gjere det same.

Årdal kommune får spesielt lav rangering på helse. Men Brandsdal meiner kommunen allereie har tatt grep for å betre den situasjonen.

– Me satsar på å ha eitt felles legekontor der me skal samle alle fastlegar og hjelpepersonell som jordmor og helsestasjon.