Hopp til innhold

Årdal FK med håp etter årsbeste

Årdal FK vann laurdag 5-1 over Sprint/Jeløy på Jotun stadion og augnar dermed eit håp om å halde plassen i 2. divisjon.

Det stod 1-1 ved pause. Kurt Heggestad gav heimelaget leiinga etter 16 minutt, men Sprint/Jeløy utlikna rett før pause.

Hugsa gamle kunster

Men i andre omgang fekk publikum valuta for pengane. Ole Gunnar Hunderi sette inn 2-1 etter 17 minutt av omgangen. Det fekk den andre delen av den tidlegare så giftige spissduoen, Morten Brandsdal, til å hugse gamle kunster. Han gav heimelaget 3-1 etter 29 minutt, og mot slutten av kampen auka Arild Underdal og Geir Erik Røysi leiinga til 5-1.

- Folk har gitt oss opp

Dermed er Årdal FK oppe på 15 poeng. Sjølv om laget framleis er sist, er ikkje avstanden opp til trygg plass avskrekkande. Og spelarane er oppsette på å gjere årdølene si manglande tru på laget til skamme, seier kaptein Kjartan Smedegård.

- Vi høyrer på gata at folk har gitt oss opp.

For sjølv om Årdal vann overlegent i helga, ligg dei heilt sist på tabellen. Men spelarane har på ingen måte gitt opp.

- Vi er gode nok

- Det blir tøft, men eg har stor tru på at vi skal greie oss. Vi er fullt klare over situasjonen vår, men når vi vinn 5-1 over eitt av topplaga så veit vi at vi er gode nok  til å halde oss i divisjonen.

I løpet av dei siste seks serierundane bør Årdal vinne tre kampar, helst fire. Smedegård innrømmer at det kan bli tøft.

- Cupfinale i kvar kamp

- Uansett kven vi møter så blir det ein cupfinale kvar kamp, men held vi fram med å byggje på det vi gjorde laurdag kan det bli moro framover. Det hjelper på sjølvtilliten det vi gjorde mot Sprint/Jeløy.

Framover må spelarane vere på topp i kvar einaste kamp om dei skal ha sjanse til å halde plassen i 2. divisjon.