Årdal får behalde lensmannskontoret

Årdal kommune har nådd fram med klaga og får behalde lensmannskontoret.

Lensmannskontoret i Årdal

STENGJER IKKJE: Politiet har bestemt seg for å behalde lensmannskontoret i Årdal. – Svært gledeleg, seier ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid (Ap).

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det melder Bergens Tidende.

Arild Ingar Lægreid

KJEMPEGLAD: Årdal-ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) er strålande fornøgd med at dei får behalde lensmannskontoret sitt.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Dette er ei fantastisk nyheit. Eg hadde nesten ikkje trudd at dette skulle gå, men eg er kjempeglad for at vi fekk medhald i klaga vår, seier ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid (Ap), til NRK.

Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt har tidlegare gått inn for å slå saman lensmannskontora i Årdal og Lærdal, og plassere kontoret i Lærdal. No har Politidirektoratet lytta til politikarane, og gjort om vedtaket til politimeisteren.

– Vi har frå vår side har tilrådd overfor Politidirektoratet å berre ha eitt lensmannskontor i dette området. Men vi gav uttrykk for at det var ei vanskeleg avgjerd på grunn av det høge folketalet i Årdal, seier Songstad til NRK.

Årdal kommune klaga på vedtaket og har no altså fått medhald.

– Dei har fått behalde kontoret på bakgrunn av klaga, seier Songstad.

Mange klager

Kaare Songstad

IKKJE OVERRASKA: Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt er ikkje overraska over at Årdal får behalde lensmannskontoret sitt.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Askvoll, Aurland, Balestrand, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Jølster og Årdal har alle klaga på problemstillingar knytta til politireforma. Totalt har 72 kommunar i heile Norge klaga på avgjerda om nedlegging, men at Årdal no får behalde sitt kontor betyr ikkje at dei andre vil få medhald i klaga, seier Songstad.

– Det betyr ikkje at dei andre også vil få medhald. Det vert vurdert frå sak til sak, seier Songstad.