Opplæringsutvalet har tidlegare gått inn for å leggje ned den eine klassen. Pengane som skal brukast kjem frå omstillingsmidlane Regjeringa har gitt til Årdal, Høyanger og Flora.
Fylkesvaraordførar Tor Bremer seier at fylkesutvalet ser eit fullverdig skuletilbod som ein del av omstillingsarbeidet i Årdal.
Stor glede
I dag er det stor glede i Årdal. Ein av elevane som har kjempa for saka, Siri Kleiven Strøm, seier dette betyr mykje for Årdal. - Det er heilt fantastisk, for vi trudde at alt håp var ute. Vedtaket betyr at vi får halde på ungdommen i bygda, no slepp ungdom å flytte ut av bygda for å gå på skule.