Hopp til innhold

Årdal den store folketalstaparen

Folketalet i Sogn og Fjordane held fram med å auke. Ved starten av året talde vi 108.700 sogn og fjordingar. Størst er fråflyttinga i Årdal.

Årdalstangen

UTFLYTTING: Industrien i Årdalstangen og Øvre Årdal har vore igjennom betre tider. No opplever kommunen størst fråflytting i fylket.

Foto: Atle Romøren

Statistisk sentralbyrå leverte i dag folketalsstatistikken per 1. januar 2013. Den viser at innbyggjartalet i løpet av 2012 auka med 499 personar.

Størst nedgang opplevde industrikommunen Årdal, inst i Sognefjorden. Her gjekk folketalet ned med 51 personar. Det er kring ni fleire enn neste på lista, Selje.

  • SJÅ FOLKETALSUTVIKLINGA FOR DIN KOMMUNE NEDST I SAKA

– Det er ikkje noko ynskt situasjon. Vi ynskjer å bli fleire, så dette er inga god melding, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.

– 2012 var eit tøft år

Statistikken viser at i alt 155 valde å flytte frå bygda i løpet av 2012. Dei aller fleste flytta til andre stadar i landet. Med ei tilflytting på 90 personar, endar kommunen også med ei negativ nettoinnflytting på 65 personar.

Arild Ingar Lægreid

ORDFØRAR: Arild Ingar Lægreid.

Foto: Birger Meland / NRK

Lægreid har vanskar med å finne andre årsaker til nedgongen, enn det trasige året for industrien i kommunen. Mellom anna har Hydro og NorSun måtte justere ned arbeidsstokken sin.

I tillegg har kommunen måtte vedta nedbemanning. Ordføraren er overraska over at fråflyttinga i fjor vart så stor. Innbyggjartalet er no 5.521.

– Det er klart at 2012 har vore eit tøft år for industrien vår, så det har nok ein samanheng med at det har vore permitteringar, effektivisering og kutt i arbeidsplassar, seier Lægreid.

Omstilling

Kommunen har saman med Lærdal fått omstillingsstatus. Lærdal har mista 90 arbeidsplassar dei to siste åra, mellom anna hos Opplysningen 1881 og fødetilbodet ved Lærdal sjukehus.

I Årdal har dei siste åra i tillegg mista dørfabrikken Dooria. I byrjinga av månaden fekk kommunane 3,5 millionar kroner i omstillingsmidlar.

– Det er fullt mogeleg å snu dette, og vi jobbar heile tida med nye prosjekt og nye mogelegheiter, seier Lægreid.

– Inga god sak

– Vi ventar ein oppgang i industrien, og den trur vi vil komme, legg han til og vedgår at dersom kommunen ikkje får snudd trenden raskt, så kan det få følgje for dei økonomiske overføringane frå staten.

– Slik fråflytting får følgje på mange måtar, du har mellom anna færre inntekter for kommunen. Dette er inga god sak, vedgår han.

I Sunnfjord held Førde derimot stand som fylkes største kommune.

Størst tilvekst i Førde

Førde kommune auka mest i løpet av 2012 med 252 nye innbyggjarar. Ved starten av året budde det 12.559 innbyggjarar i kommunen.

Nest størst tilvekst opplevde Sogndal kommune, som med ein auke på 129 innbyggjarar står med eit folketal på 7.477.

Flora kommune er med 43 nye innbyggjarar framleis nest største kommune med 11.697 innbyggjarar.

Men den store vinnaren er altså Førde. Fylkets mest folkerike kommune stod åleine for over halvparten av folketalsveksten i Sogn og Fjordane i fjor.

Olve Grotle

STÅR FOR HALVE AUKEN: Førde og ordførar Olve Grotle opplevde i fjor ein folketalsauke kommunen ikkje har sett maken til sidan 1995.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Det er veldig kjekt. Førde har i mange år hatt fin auke i folketalet, men i fjor hadde vi ein auke vi ikkje har sett på mange år. Eg trur vi må heilt tilbake til 1995 for tilsvarande tal, og før det igjen heilt tilbake til 1980, seier ordførar Olve Grotle (H).

Han har inga spesiell forklaring for kvifor veksten i fjor vart så stor, og viser til at veksten har svinga. I 2011 auka folketalet i Førde med 100 personar.

– Det er nok litt tilfeldig. Men eg håpar vi no ser ei ny utvikling der vi legg oss på eit endå høgare nivå i folketalsauke, enn vi har sett siste åra.

Gler seg over andre sin vekst

Grotle gler seg også over at fleire andre kommunar har folketalsvekst.

– Heile Sunnfjord aukar. Eg vil særleg trekkje fram Gaular med heile 75 nye gaulværingar. Det er fantastisk. Ein skal heller ikkje gløyme at i Sogndal er det også ei positiv utvikling. Det er veldig glad for, understrekar ordføraren.

Han håpar Førde kan vere ein motor i regionen.

–Eg trur at Førde framstår som ein veldig attraktiv plass, ikkje berre for dei som bur i Førde, men også pendlar inn til Førde, og arbeider det og nyt godt av dei tilboda som Førde kan tilby, påpeikar Grotle.

Fleire innflyttarar enn nyfødde

I Sogn og Fjordane sett under eitt er det innflyttar som i størst grad dreg opp folketalet.

Fødselsoverskotet for fylket vart i 2012 158 innbyggjarar, medan nettoinnflyttinga var 338 i løpet av fjoråret. Av 3.474 innflytte, kom kring halvparten frå utlandet. Fylket er det i landet med størst prosentvis innanlands flyttetap. Berre 413 av dei utflytte reiste over landegrensene.

Slik endra folketalet seg i 2012

Kommune

Folkemengd 1.1.13

Endring

Nettoinnflytting

Sogn og Fjordane

108.700

+ 499

+ 338

Flora

11.697

+ 43

+ 4

Gulen

2.305

- 5

+ 2

Solund

842

- 9

- 5

Hyllestad

1.428

- 33

- 20

Høyanger

4.222

+ 6

- 1

Vik

2.731

- 17

+ 1

Balestrand

1.337

- 1

+ 1

Leikanger

2.255

+ 19

+ 19

sogndal

7.477

+ 129

+ 103

Aurland

1.714

+ 2

+ 3

Lærdal

2.176

- 29

- 21

Årdal

5.521

- 51

- 65

Luster

5.041

+ 15

+ 27

Askvoll

3.018

+ 8

- 1

Fjaler

2.871

+ 39

+ 37

Gaular

2.923

+ 75

+ 64

Jølster

3.078

+ 26

+ 22

Førde

12.559

+ 252

+ 144

Naustdal

2.713

+ 3

- 11

Bremanger

3.945

+ 54

+ 64

Vågsøy

6.119

- 10

- 6

Selje

2.789

-42

-28

Eid

5.920

-30

-41

Hornindal

1.238

+18

+14

Gloppen

5.676

-3

+10

Stryn

7.105

+40

+22

Ekspander/minimer faktaboks