NRK Meny
Normal

Årdal avviser skattekrav frå Hydro

Årdal kommune og Hydro kranglar no om kor vidt skattekravet frå aluminiumgiganten er forelda eller ikkje.

Hydro i Årdal

SKATTEKRAV: Hydro krev tilbake 85 millionar kroner frå Årdal kommune.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Industrikommunen sin desidert største skattytar meiner Årdal usakleg har kravd dei for altfor mykje eigedomsskatt over ein periode på ti år. Hydro krev no tilbake 85 millionar kroner, og har stemna Årdal kommune for retten.

Advokat Arne Haavind, som representerer Årdal kommune, meiner saka er forelda.

– Vi jobbar no med å utarbeide eit tilsvar innan fristen.

Spørsmålet om saka er forelda eller ikkje blir eit viktig moment.

– Det er det diskusjonen vil gå om. Hydro meiner dei har rett til å krevje dette tilbake, fortel Haavind og seier kommunen på si side vil avvise kravet.

– Svært skuffa

Ap-ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, gav tysdag denne veka uttrykk for stor skuffelse då han vart kjent med søksmålet frå Hydro. Han fortalde at saka var så komplisert at dei måtte hyre inn advokathjelp.

– Kravet kom i august 2012, men kommunen avviste kravet med at fristen var ute. Likevel vel bedrifta å gå til kamp mot ein vertskommune som i god tru har brukt opp pengane til gode for innbyggjarane.

– Dette søksmålet kom overraskande på oss og eg er svært skuffa over Hydro, sa Lægreid til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arild Ingar Lægreid

SKUFFA: Arild Ingar Lægreid er svært skuffa, og ser ikkje fram til å kanskje måtte møte Hydro i retten.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vil prøve kome til semje utan rettssak

Hydro betaler om lag 25 millionar kroner årleg i eigedomsskatt, og er med det den desidert største skattytaren i Årdal. Men no meiner aluminiumsgiganten altså at dei har bidrege for mykje til kommunekassa.

Tysdag sa informasjonsdirektør Halvor Molland i Hydro til NRK.no at dei har hatt fleire møte med kommunen utan å kome til semje.

– Vi har ikkje lukkast med det. Vi meiner vi har betalt inn for mykje på grunn av feil skattegrunnlag. Stemninga er sendt for å halde oss innan tidsfristar.

Hydro vil ikkje kommentere saka ytterlegare, men Molland opplyser at dei meiner prinsippa som ligg til grunn for å krevje eigedomsskatt frå industriverksemder er brukt feil.

Hydro er innstilt på å diskutere med kommunen medan saka går sin gang i rettssystemet, og Molland understrekar at stemninga er gjort for å halde tidsfristar, og at den ikkje er til hinder for framleis dialog med kommunen.

Kan bli rettssak innan seks månader

Kommunen sin advokat, Arne Haavind, er budd på ein diskusjon om kor vidt skattesaka er forelda eller ikkje.

Om partane ikkje kjem til semje skal dei i utgangspunktet møtast til hovudforhandling innan seks månader frå det er teke ut stemning.

– Normalt forsøker domstolane å overhalde denne fristen, men i praksis er det ikkje alltid det let seg gjere. Om det vil la seg gjere i ei sak av dette omfanget, det står at å sjå, seier Haavind.