Hopp til innhold

Årdal – Tyin stengt i tre veker

Frå 25. november til 15. desember blir det heilt stengt gjennom Ljoteli på fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Holsbru. Det skal sprengast ut forskjering, og det er ikkje mogeleg å ha trafikk gjennom området medan dette arbeidet held på, opplyser Statens vegvesen. Det er omkøyring via Lærdal og Filefjell eller Hemsedal for dei som skal austover.