Hopp til innhold

Arbeidsulykke, Florø.

Politiet fekk måndag føremiddag melding om at ein mann hadde fått eitt tre over seg i samband med trefelling i Kinnvegen i Florø. Mannen har fått moderate skader, opplyser sentralsjukehuset i Førde. Arbeidstilsynet er varsla og politiet har gjort undersøkingar på staden.