Hopp til innhold

Mann skadd etter å ha fått last over seg ved Hydro

Ein mann er frakta til Førde sentralsjukehus med brotskadar etter å ha fått hengande last over seg ved Hydro i Øvre Årdal.

Hydro i Øvre Årdal

SKADD: Ein person fekk last over seg under arbeid på anlegget til Hydro i Øvre Årdal.

Foto: Truls Sylvarnes

Politiet fekk melding om arbeidsulukka ved aluminiumsverket rundt klokka 08 fredag morgon, og mannskap frå både politi og ambulanse rykte ut til staden.

– Det vi har fått melding om er at det har skjedd ei arbeidsulukke på Hydro i Øvre Årdal. Det skal ha vore hengande last som har falle over ein person, opplyste operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no klokka 08.22.

Informasjonssjef i Hydro, Erik Brynhildsbakken, seier den skadde ikkje jobba ved Hydro.

– Han er tilsett hos ein ekstern leverandør som leverte varer hos oss.

Arbeidstilsynet er orientert om ulukka. Førebels er det politet som har ansvar for den vidare etterforskinga. Operasjonsleiar Gulliksen kan ikkje seie noko om kor høgt lasta hadde falle frå like etter ulukka.

– Veit de noko om tilstanden til den skadde?

– Meldar seier han er bevisst, men noko meir veit vi ikkje, seier operasjonsleiaren.

Personen skal ha vore medviten etter ulukka.

– Kan vere nokre tonn

Like før klokka 09 har politiet fått meir oversikt over hendinga.

– Det vi veit er at det er ein person som har fått hengande last over seg i det han skulle losse eit køyretøy, seier Gulliksen til NRK.no og held fram:

– Det seiast at det kan vere nokre tonn, men han har truleg ikkje fått det rett over seg sidan skadeomfanget viser seg å vere nokre brot i kroppen. Han klagar også på smerter i bryst og rygg, men er bevisst.

Arbeidstilsynet er varsla om hendinga, og dei vil no saman med politiet gjere undersøkingar for å finne ut kva som har skjedd.

– Vi skal no gjere ei åstadsgransking for å sjå om vi kan finne ut kva som har skjedd, seier Gulliksen som førebels ikkje vil spekulere i årsak. Han veit ikkje om det var vitne til ulukka.

Øvre Årdal