Hopp til innhold

Arbeidsulukke i Sogndal

Ein mann i 30-åra er sendt til sjukehuset i Førde etter ei arbeidsulukke i Sogndal fredag morgon.

Sogndal

Politiet fekk melding om hendinga kort tid før klokka 09.

Den skadde, ein mann i 30-åra, skal ifølgje politiet ha ramla ned mellom to og to og ein halv meter frå eit stillas. Han dreiv då med arbeid ved eit hus som er under oppføring.

Mannen vart først send til lege for sjekk, og er send vidare til sjukehuset i Førde.

Politiet har ikkje opplysningar om skadeomfang, men seier til NRK.no at mannen klaga over smerter i ryggen.