Ein person pådrog seg lettare skader då gravemaskina hans velta under arbeid på metallverket i Høyanger i føremiddag.
Føraren vart sendt til sjukehus. Han brukte både hjelm og tryggleiksbelte. Politiet meiner dette hindra meir alvorlege personskader.