NRK Meny
Normal

Arbeidsulukke i Loen

Ein mann i 70-åra er send til legesjekk etter ei arbeidsulukke i Loen.

Arbeidsulukke

ARBEIDSULUKKE: Ein mann i 70-åra har i føremiddag falle mellom to og tre meter frå eit stillas i Loen.

Foto: Roger Vik

Politiet fekk melding om ulukka klokka 09:39.

– Mannen har falle ned frå eit stillas i samband med bygging av eit garasjebygg ved Hotel Alexandra, seier politibetjent Tor Egedahl.

Mannen har falle mellom to og tre meter.

– Han var medviten, ut over det kan vi ikkje seie noko om skadeomfanget.

Politiet kan så langt ikkje seie noko om kvifor mannen fall ned. Dei har oppretta sak, og Arbeidstilsynet er rutinemessig kopla inn i saka.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.