NRK Meny
Normal

Elev sendt til sjukehus etter dreieuhell på skulen

Ein elev ved Eid vidaregåande skule er sendt til sjukehus.

Operahuset
Foto: Øystein Torheim

– Uhellet skal ha skjedd i samband med arbeid med dreiing, opplyser Olaug Holme, ved politiets operasjonssentral.

Politiet er på veg til skulen, dei fekk melding om uhellet klokka 15.14. Politiet etterforskar hendinga. I tillegg er arbeidstilsynet er varsla om det som har hendt.

– Det er ukjent kva skade eleven skal ha fått, og han er no på veg til sjukehus, seier Holme.

Rektor ved Eid vidaregåande, Ove Bjørlo, kan stadfesta at det er ein gut og at han no er sendt med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

– Han kom til å skade seg då ein del av eit arbeidsstykke han heldt på med losna og trefte han i panna, seier Bjørlo som forklarar at det skjedde på treverkstaden og at det var ein trebit som losna.

Bjørlo seier guten var bevisst heile tida, men at når det er snakk om skade i hovudet vert ein sendt rett til Haukeland.

– Eg håpar det ikkje er alvorleg og at det går bra med eleven, seier Bjørlo