NRK Meny

Arbeidsuhell ved Fjord Base

Ein mann i 40-åra er sendt til legekontroll etter eit arbeidsuhell ved Fjord Base i Florø. Bilen han sat i skal ha hatt ein bråstopp. Uhellet skjedde i samband med lossing av ein båt og farten skal ha vore låg. Politiet har vore på stadne og det vert oppretta sak. Arbeidstilsynet vil bli varsla og saka vert vidare etterforska av Flora politistasjon.

Vegopning på Bergum i Førde kommune