Hopp til innhold

Arbeidstilsynet med meir kritikk av Nordfjord Kjøtt

Arbeidstilsynet kjem med meir kritikk av Nordfjord Kjøtt etter eit møte i haust. Tilsynet meiner tryggingskulturen må forbetrast.

Montasje: Nordfjord Kjøtt og Rune Ravnestad

NY KRITIKK: Arbeidstilsynet meiner tryggingskulturen ved Nordfjord Kjøtt må bli betre.

Foto: Ole Andre Rekkedal/ Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Hovudinntrykket er at dei har nokre utfordringar på kommunikasjon, og dei har nokre utfordringar på medverknad, seier Rune Ravnestad som er tilsynsleiar i Arbeidstilsynet.

Tidlegare er slakteriet politimeldt for fleire brot på Arbeidsmiljølova etter ei arbeidsulukke der ein arbeidar mista fingeren. Fleire tilsette har også gått ut og sagt at høgt arbeidstempo og press går ut over tryggleiken.

Tryggingskulturen hjå Nordfjord Kjøtt må forbetrast, det skriv Arbeidstilsynet i ein rapport etter eit møte med Nordfjord Kjøtt 10. september i år.

(SAKA HELD FRAM UNDER VIDEOEN)

Nordfjord Kjøtt er politanmeld av Arbeidstilsynet etter at ei arbeidar kappa av seg fingeren på ei defekt og farlig maskin. Fleire slovakiske arbeidarar fortel om arbeidstilhøva ved slakterigiganten. Nordfjord Kjøtt varslar gjennomgang av rutinane sine.

Få brukar verneutstyr

I ei arbeidsmiljøundersøking vart det avdekka at det er få som brukar verneutstyr. I rapporten frå tilsynet står det at få arbeidarar rapporterer om feil og avvik. Arbeidsmiljøutvalet i Nordfjord Kjøtt tek heller ikkje naudsynte diskusjonar om systematisk HMS-arbeid, meiner Arbeidstilsynet.

Særleg er tilsynet uroa over om dårlege norskkunnskapar blant arbeidarane går utover tryggleiken og bruken av verneutstyr, Ravnestad seier på generelt grunnlag at god kommunikasjon er svært viktig.

– Det er klart at når du har ei verksemd der det er ein del farlege arbeidsoperasjonar så er det viktig at alle har same biletet av kva som er risiko, kva som skal brukast av verneutstyr. Då må ein kommunisere på eit språk som alle forstår.

Norskkurs

Nordfjord Kjøtt skal framover gjennomføre norskkurs for heile 170 tilsette. Nordfjord Kjøtt vil ikkje kommentere saka, men i ei pressemelding der også tillitsvalde har skrive under, skriv det at dei har eit godt arbeidsmiljø og gode HMS-rutinar.

Likevel, førre veke starta einaste kunde Rema 1000 ei ekstern gransking av tilhøva.

Må betrast

Arbeidstilsynet skriv i sin rapport at tryggingskulturen hjå Nordfjord Kjøtt må forbetrast, Rune Ravnestad i Arbeidstilsynet meiner verksemder som Nordfjord Kjøtt med risikofylte arbeidsoperasjonar og mange som ikkje kan norsk må ha ein tryggleikskultur som er i orden.

– Viss det er ein kultur for å bruke verneutstyr og tryggingsutstyr så brukar alle det, er det ein kultur for ikkje å bruke det så er det bere nokre få kanskje som gjer det medan andre ikkje gjer det.