NRK Meny
Normal

Har lågast arbeidsløyse i landet

Nye tal frå NAV viser at det er små endringar i arbeidsløysa i Sogn og Fjordane, som no ligg på 1,7 prosent av arbeidsstyrken.

NAV/Tore Thorsnes

SER LYST UT: Direktør i NAV Sogn og Fjordane meiner arbeidsmarknaden fungerer godt i Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

Tala viser at det er 984 personar som er heilt arbeidslause i Sogn og Fjordane i dag. Dette er 13 mindre enn i fjor.

Direktør i NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes meiner det er ei positiv utvikling, men han er uroa over at stadig fleire av dei ledige har gått lenge utan jobb.

– Dess lenger ein går arbeidslaus desto vanskelegare er det å kome inn på arbeidsmarknaden, seier han.

– Må sette inn tiltak

– Vi må nytte oss av økonomiske verkemiddel og ha ein god dialog med arbeidsgjevarsida, slik at desse personane kan få prøvd seg i arbeidslivet, seier direktøren.

Thorsnes hevdar at ein av årsakene til at mange er arbeidslause over lang tid, er at tilgangen på ledige stillingar er lågare no enn tidlegare.

– Dette tyder at det er mindre å velje i for dei som søkje arbeid. Ein av årsakene til dette kan vere at det er noko strammare økonomi i offentleg sektor, seier direktøren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Næringsliv i Sogn og Fjordane

LÅG ARBEIDSLØYSE: Det er for tida god tilgang på ledige stillingar hos verksemdene i Sogn og Fjordane. Difor er også arbeidsløysa låg i fylket.

Foto: NRK

Flest permitterte i fiskeindustrien

Dei fleste av dei som er arbeidslause har arbeidsbakgrunn frå bygg- og anleggsbransjen. 220 av dei 984 personane utan jobb kjem frå industrien.

Tala viser også at det er 36 færre permitterte i år enn i fjor. Thorsnes fortel at dei fleste som er permitterte kjem frå fiskeindustrien.

– 76 av alle dei permitterte kjem frå fiskeindustrien, noko som er ei auke på ni, samanlikna med same tidspunkt i fjor, fortel han.

Meiner det er lyse utsikter

Men Thorsnes understrekar at Sogn og Fjordane har den lågaste arbeidsløysa i heile landet, og tar det som eit teikn på at arbeidsmarknaden fungerer godt i fylket.

– Vi er i ei eiga klasse i landssamanheng, og når ein kjem under to prosent arbeidsløyse er det nok vanskeleg å kome lågare, seier han.

Thorsnes meiner det er vanskeleg å føresjå kva som skjer framover, men peikar på at signala er positive.

– Arbeidsmarknaden fungerer godt og det er ingen teikn i internasjonal økonomi som tilseie noko om endringar på kort sikt. Difor er det ingen grunn til å tru at det blir nokre endringar på kort sikt, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser