Hopp til innhold

111 fleire er utan jobb i fylket

Arbeidsløysa i Sogn og Fjordane har auka med 111 personar, tilsvarande 11 prosent frå august i fjor.

Tore Thorsnes

AUKAR: Direktør i Nav Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

Foto: Cosmin Cosma/NRK

– Fleire ledige innan industri og bygg og anlegg er hovudårsaka til auken, seier direktør for Nav Sogn og Fjordane Tore Thorsnes, i ei pressemelding.

– Vi ar venta ein moderat auke i arbeidsløysa utover hausten, som på landsnivå, særleg knytt til redusert oppdragsmengde for bygg- og anleggssektoren, seier Thorsnes.

Per i dag er det 1160 heilt ledige i Sogn og Fjordane, noko som svarar til ein arbeidsløyseprosent på 2,0 prosent. Trass i auken, har fylkes framleis lågast arbeidsløyse i landet saman med Rogaland.

På landsnivå er det ein auke på sju prosent frå august i fjor. Det er no 73 523 heilt ledige, tilsvarande 2,8 prosent.

Flest nye ledige innan industri

Største delen av auken i arbeidsløysa har komme innan industri, bygg og anlegg, og innan barne- og ungdomsarbeid. I dei to første kategoriane er det menn som står for auken, medan kvinner står for auken innan barne- og ungdomsarbeid.

I industri er det 335 heilt ledige i august, ein auke på 50 frå august i fjor.

Bygg- og anlegg og barne- og ungdomsarbeid har begge ein auke på 31 personar.

Positivt for ungdom

Ungdom under 20 år har ein reduksjon i arbeidsløysa på 16 prosent frå august i fjor. I aldersgruppa 20–24 år er det ein reduksjon på fire prosent. Aldersgruppa 40–49 år har størst auke på 23 prosent.

– Ungdom er den høgast prioriterte gruppa i Nav Sogn og Fjordane. Det er difor gledeleg at utviklinga ser ut til å gå i rett retning for denne gruppa, seier Thorsnes.

Stor variasjon mellom kommunane

Kystkommunane Vågsøy og Selje har høgast arbeidsløyse, med høvesvis 5,1 prosent og 5,5 prosent.

Permitterte i fiskeindustrien utgjer ein monaleg del av dei ledige i desse kommunane. Tre kommunar har ei arbeidsløyse på under éin prosent. Aller lågast er Gulen med berre 0,2 prosent.

Fleire permitterte i fiskeindustrien

155 av dei heilt ledige i fylket er permitterte. Dette er 8 fleire enn i august i fjor. Heile 114 av dei permitterte kjem frå fiskeindustrien, ein auke på 9 personar frå august i fjor. Desse fordelar seg på Vågsøy (37), Selje (30), Bremanger (10) og Flora (32).

Nedgang i talet på ledige stillingar

I august vart det lyst ut 228 ledige stillingar i Sogn og Fjordane. Det er ein reduksjon på 34 prosent frå same månad i fjor.

Reduksjonen er størst innan ingeniør- og ikt-fag, barne- og ungdomsarbeid og bygg og anlegg. Nær halvparten av dei utlyste stillingane er innan helse, pleie og omsorg.