Hopp til innhold

Arbeidsløysa i fylket ned med 19 prosent

Sogn og Fjordane har klart lågast arbeidsløyse i landet, med sine 1,6 prosent.

NAV

POSITIV UTVIKLING: No er også langtidsarbeidsløysa i ferd med å gå ned i Sogn og Fjordane.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

– Fylket er også av dei fylka som har størst nedgang i arbeidsløysa samanlikna med august i fjor, seier NAV-direktør Tore Thorsens.

I august var det 935 arbeidsledige i fylket. Dette er 221 færre enn i same månad i fjor og svarar til ein reduksjon på 19 prosent. Berre Nord-Trøndelag med minus 22 prosent, har større reduksjon.

Thorsnes er overraska over at den gode utviklinga held fram.

Tore Thorsnes

NØGD: Tore Thorsnes er fylkesdirektør i NAV.

Foto: NAV

– Dette er fantastiske tal for oss. Vi har lenge hatt ei positiv utvikling samanlikna med resten av landet, men at vi skulle få ein så stor nedgang i august var overraskande.

Vanleg pleier gjerne arbeidsløysa stige litt ut over hausten, men altså ikkje her i fylket. Sogn og Fjordane har vi ei meir positiv utvikling enn landet elles, og Thorsnes trur utviklinga kan halde fram.

– Det mest positive utviklinga akkurat no er at langtidsarbeidsløysa har stagnert, og kanskje også gått ned, seier Thorsnes.

Det betyr at personar som har lenge har stått utanfor arbeidslivet kan kome i arbeid igjen. Thorsnes forklarer nedgangen med god innsats frå NAV.

– Vi er i ein betre dialog med næringslivet enn vi har vore tidlegare og så er det sjølvsagt også eit uttrykk for at det er eit tilbod i arbeidslivet som er betre enn vi har hatt tidlegare seier Thorsnes.