Hopp til innhold

Færre arbeidsledige i Sogn og Fjordane

For fyrste gong sidan 2008 går arbeidsløysa i fylket ned.

Aurland

LITE JOBBAR: Aurland har høgast arbeidsløyse i fylket.

Foto: Merete Høidal / NRK
Høyanger verk

LITE JOBBAR: Høyanger har nest høgast arbeidsløyse i fylket.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Kommunehuset Smia i Hornindal

EIN PROSENT: Hornindal har lågast arbeidsløyse i fylket.

Foto: Ottar Starheim / NRK
Hydro i Årdal

FRISKMELDT: Industrien bidreg mest til at arbeidsløysa går ned.

Foto: Arve Uglum / NRK
Sykehjemspasient

AUKE: Helse, pleie og omsorg har størst auke i arbeidsløysa.

Foto: Janerik Henriksson / Scanpix

Heilt sidan september 2008 har arbeidsløysetala gått feil veg i Sogn og Fjordane.

No har det snudd syner ferske tal frå NAV Sogn og Fjordane.

– Vi registrerar ein aukande etterspurnad etter arbeidskraft. Det er gledelig at industrien no ser ut til å vere over kneiken og byrjar å auke bemanninga, seier direktør Tore Thorsnes ved NAV Sogn og Fjordane.

Det er no 1 341 heilt arbeidsledige personar i fylket. Det vil seie 2,4 prosent av arbeidsstokken, lågast i heile landet.

Verst i Aurland

Det er store skilnadar mellom kommunane i Sogn og Fjordane. Tolv kommunar har ein reduksjon i arbeidsløysa frå januar i fjor.

Den prosentvise reduksjonen er størst i småkommunane Hornindal, Solund og Gulen, medan Leikanger, Askvoll og Vik har størst auke.

Aurland og Høyanger, med høvesvis 4,7 og 3,9 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid, har høgast arbeidsløyse i fylket. På den andre sida av skalaen finn vi Hornindal, som har mindre enn éin prosent arbeidsløyse.

Fleire kommunar har opplevd ein sterk auke i arbeidsløysa i januar på grunn av permitteringar i bygg og anlegg som skuldast veret.

Industrien friskmeldt

Industrien, med ein reduksjon på 16 prosent, er den næringa som bidreg sterkast til nedgangen i arbeidsløysa frå januar i fjor. Det er no 301 heilt ledige industriarbeidarar, 57 færre enn i januar 2010.

Av dei ledige i industrien er 65 permitterte. Helse, pleie og omsorg har størst auke i arbeidsløysa med 58 prosent. De fleste ledige her er ufaglærte.

Færre kvinner i arbeid - fleire menn

Frå januar i fjor har arbeidsløysa gått ned fire prosent blant menn, mens kvinner har ein auke på to prosent.

Dette har samanheng med at arbeidsløysa no går ned i mannsdominerte yrke i industrien og aukar i kvinnedominerte yrke i helse, pleie og omsorg.