Hopp til innhold

Arbeidslaus vart nekta trygd

Ein tidlegare Fundotilsett har vore deltidsstudent dei siste to åra. Dermed får han ikkje arbeidsløysetrygd.

Nav
Foto: Fotomontasje: Helge Carlsen / NRK

- Eg veit ikkje korleis eg skal klare meg økonomisk, seier Kjell Nylund.

Han var ein av dei 320 som mista jobben då Fundo Wheels i Høyanger gjekk konkurs i januar. Då han skulle melde seg arbeidslaus hos NAV vart han sjokkert:

- Eg fekk beskjed om at eg ikkje har krav på dagpengar fordi eg studerer.

Fekk beskjed om å avslutte studiet

Dei siste to åra har Nylund tatt fag ved Universitetet i Bergen på deltid. Studiet er ferdig i juni. Fram til då får han ikkje arbeidsløysetrygd frå NAV.

- På NAV la dei fram eit skjema der eg måtte skrive under på om eg var villig til å avslutte utdanninga, seier Nylund.

Det er heilt uaktuelt:

- Eg vil ikkje avslutte noko eg har studert i to år, eg kan jo få ein betre jobb når eg har gjennomført studiet.

- Strengt regelverk

Direktør Tore Thorsnes i NAV Sogn og Fjordane seier det er mykje som skal til for at studentar skal få dagpengar.

- Men denne saka skal vi sjå på på nytt, seier Thorsnes.