Hopp til innhold

Arbeidsgjevarar har ikkje kontroll på tilsette

11 serveringsstader i Sogn og Fjordane har ikkje oversikt over eigen tilsette. Skatt Vest skjerpar kontrollane.

Tre bransjar skal under Skatteetaten si lupe

SJEKKAR VERKSEMDER: Skatt Vest har gjennomført ein omfattande kontroll av ei rekkje verksemder på Vestlandet. Illustrasjonsfoto.

Foto: NRK

Marta Johanne Gjengedal

SKJERPAR KONTROLLEN: Avdelingsdirektør Marta Johanne Gjengedal i Skatt vest seier innføring av personallister er nødvendig.

Foto: Skatt Vest

1 av 3 kontrollerte verksemder på Vestlandet hadde ikkje god nok oversikt over eigne tilsette i fjor, seier Marta Johanne Gjengedal, avdelingsdirektør i Skatt Vest.

Må betale dyrt

I fjor kom nye reglar for fleire verksemder om kontroll av tilsette, men på langt nær alle har brydd seg med å tilpasse seg dei skjerpa krava.

18 bedrifter i Sogn og Fjordane må betale for manglande informasjon om eigne tilsette. Det er spesielt i serveringsbransjen verstingane er. 11 av dei 18 som fekk gebyr serverer mat og drikke.

– Innføring av personallister er eit nødvendig tiltak mot svart arbeid, understrekar Gjengedal.

Snører nettet for dei useriøse

Konsekvensane av svart arbeid er store for dei det gjeld. Personallister er eit verkemiddel som skal gjere det vanskeleg å lønna tilsette svart, hindre useriøse aktørar og arbeidslivskriminalitet.

– Skatt vest vil ha fokus på personallistekontrollar også i 2015 og skal gjennomføre 1000 nye kontrollar i samarbeid med lokale skatteoppkrevjarar.

Kontrollørane frå Skatteetaten og skatteoppkrevjarane har òg opplevd at personar stakk av frå lokalet.

NHO ber om tolmod

Wenche Salthella

TRENG TID: Wenche Salthella frå NHO Reiseliv seier dei har hatt god utvikling, men ber skatteetaten ha tolmod.

– Vi har forståing for at det kjem kontrollar, men ber skatteetaten om å ha tolmod med bedriftene, seier Wenche Salthella frå NHO Reiseliv.

For ho fortel at det er mykje som har endra seg sidan lova kom ved årsskifte i fjor.

– Etter dei to første månadane var det 80 prosent av bedriftene som fekk pålegg frå skatteetaten. Det talet har gått ned til litt under 30, og det må vi kunne seie er ei god utvikling, seier Salthella.

Lett å gløyme i farten

At det er serveringsstadane som kjem dårlegast ut i skatteetaten sine undersøkingar uroar ikkje Salthella.

– Det er bedrifter som har ulike opningstider, mange folk i arbeid og det er travle dagar. Då kan det rett og slett vere lett å gløyme å stemple seg ut og inn, seier ho.

At kontrollane gjev større merksemd på svart arbeid seier NHO-sjefen er eit gode.

– Det er viktig at vi set fokus på dette og at vi jobbar for å få fleire inn i faste former, og det meiner også medlemmene i NHO.