Hopp til innhold

Framleis uviss framtid for politidistriktet

– Regjeringa håpar å ha avklara framtida til politidistrikta før jul, seier statssekretær Hans Røsjorde i Justis- og beredskapsdepartementet.

Hans J. Røsjorde

MØTER POLITIET: Statssekretær Hans Røsjorde i Justisdepartementet gjestar i dag Sogn og Fjordane politidistrikt i Florø. Han fortel at politianalysen framleis er under bearbeiding og at det framleis er usikkert kor mange politidistrikt ein ender opp med.

Foto: Eirik Hildal / NRK

I dag gjestar statssekretæren Sogn og Fjordane politidistrikt i Florø. Dette distriktet er føreslått lagt ned og slått saman med Hordaland.

– Politianalysen er under bearbeiding og vi reknar med å presentere forslaget vårt for Stortinget innan utgangen av dette året, seier Røsjorde.

Høyringsfristen gjekk ut for eitt år sidan. Statssekretæren seier mange har ei meining om analysen og at dei har høyrt på innspela undervegs.

I februar gjekk Kjetil Drange i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane ut og kritiserte den langdryge omgjeringsprosessen, og frykta framtida for politietaten.

No er det oktober, og det må altså bli desember før Drange og dei andre får noko klart svar på kor mange politidistrikt ein vil ende opp med.

Kan ikkje svare om samanslåing

I analysen vart det foreslått å redusere talet politidistrikt frå 27 til 6.

Politidirektør Odd Reidar Humlegård sat i utvalet, og meinte reduseringa av politidistrikt ville skape meir robuste distrikt og sikre betre politikompetanse.

Foreløpig har det ikkje kome noko avgjerd på kva politidistrikt som må slå seg saman og kva det endelege talet politidistrikt vil vere.

Vi må få ei brei og god forståing av kva som røyrer seg. Vi må byggje analysen nedanfor og oppover. Kva er det publikum kan vente seg og kva krav blir det stilt til politiet? Dette tek tid å få klarheit i, seier han.

– Vil politidistriktet i Sogn og Fjordane overleve?

– Det kan eg ikkje svare på. Analysen får fortelje oss kvar vi hamnar. Vi legg til grunn at det er tenestebehova som skal dekkast og som avgjer korleis det skal sjå ut framover.

Ikkje 27, men heller ikkje 6

I januar sa Røsjorde til Bergens Tidende at det vert mellom 10 og 19 politidistrikt. Han gjekk da langt i å antyde at Sogn og Fjordane og Hordaland skal slåast saman til eitt politidistrikt.

Beredskapskonferanse

SNAKKA TIL POLITIDISTRIKTET: Enn så lenge er Sogn og Fjordane eit eiget politidistrikt. Statssekretær Røsjorde møtte i dag politifolk i fylket på beredskapskonferanse i Florø.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Da han i dag fekk spørsmål frå NRK om kor mange politidistrikt ein hamnar på til slutt, var han derimot ikkje like sikker.

– Det anar eg ikkje, svarar Røsjorde.

Han er derimot rimeleg klar på at det ikkje kjem til å halde fram med å vere 27 politidistrikt, og at det også er usannsynleg at talet blir så lågt som 6.

– Det betyr at her er eit stort sprang, men det er viktig å definere tenesta, kva folk kan vente seg og kva politiet skal yte. Det er det som må ligge til grunn for korleis det heile skal organiserast.

I kva grad har de tatt omsyn til det store suget ute i etatane etter å få ei løysing på denne saka?

– Vi synst det er svært positivt at det blir arbeida ute i etatane og ute i distrikta for å få til det som er nødvendig, nemleg eit tettare samarbeid mellom alle nødetatar. Og alle arbeid som går i den retninga, er positivt, seier Røsjorde.