Hopp til innhold

Arbeidet med ny bru er i gang

Brakkeriggen er på plass, og komande veke startar arbeidet med den nye Loftesnesbrui i Sogndal. Brua skal vere klar til bruk mot slutten av 2017.

Gunnar Solbakken og Asbjørn Røneid

KLARE TIL BRUARBEID: Prosjektleiar Gunnar Solbakken (t.v.) og byggjeleiar Asbjørn Røneid med gamlebrua i bakgrunnen.

Foto: Statens vegvesen

Dei første vekene kjem ikkje folk til å sjå så store endringar, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken i Statens vegvesen.

– No er vi endeleg i gang, det første som skal gjerast komande veke er å ta nokre prøver i fjorden for å kartlegge kvaliteten på sjøvatnet som skal brukast i samband med fyllingsarbeidet som skal skje som første aktivitet.

Fyllingsarbeidet skal pågå fram til 1. mai.

– Då må vi stoppe på grunn av laksevandringa i mai/juni. Vi håpar at vi er komne langt med fyllinga til den tid. I mars vil vi vere i gang med førebuande peling, som er grunnlaget for fundamenta som skal stå ute i fjorden.

Det har vore ein del hindringar og forseinkingar i arbeidet med planlegging og finansiering, men i mai i 2015 vart det til slutt gitt klarsignal.

Nye Loftesnesbrui

SLIK SKAL BRUA SJÅ UT: Sommaren 2018 skal den gamle Loftesnesbrui vere riven, og den nye skal rå grunnen åleine.

Foto: Statens vegvesen

I bruk før jul 2017

Arbeidet vil i første omgang ikkje vere til hinder for trafikken på riksveg 5 over gamlebrua, men etter kvart som aktiviteten aukar vil folk merke det.

– Særleg når vi tek til med rundkøyringa på Sogndal-sida vil det merkast, men vi skal prøve å legge til rette så godt vi kan, slik at trafikken går mest mogeleg smertefritt, seier Solbakken.

Mot slutten av november 2017 skal det gå an å køyre over nyebrua.så skal gamlebrua rivast. Heile prosjektet skal vere ferdig sommaren 2018.

Statens vegvesen har oppretta ei eiga Facebook-side, der folk kan fylgje arbeidet med brua: Loftesnesbrui, Statens vegvesen.

Brakkerigg Loftesnesbrui

PÅ PLASS: Brakkeriggen er komen på plass.

Foto: Statens vegvesen